Hopp til innhold

Svensk observatør sett fri

Ein av dei militære observatørane, som har vore haldne fanga av ukrainske opprørarar i Slavjansk, svenske Thomas Johansson, er sett fri av medisinske årsaker, opplyser opprørarane.

Svensk observatør set fri i Slavjansk.

Den astmasjuke svenske observatøren vart sett fri i kveld.

Foto: KIRILL KUDRYAVTSEV / Afp

Den svenske observatøren og majoren vart observert då han sette seg inn i ein bil saman med to eller tre medlemer av ein OSSE -delegasjon, som har kome til Slavjansk for å prøve å få dei sette fri.

OSSE opplyser i kveld at dei militære observatørane som blir haldne fanga i Slavjansk, ikkje er offisielle OSSE-observatørar, men observatørar frå fleire medlemsland i OSSE. Delegasjonen blir leidd av Tyskland, og dei reiste til landet etter å ha blitt invitert av ukrainske styresmakter, blir det opplyst.

– Ikkje fleire

Ei talskvinne for opprørarane i Slavjansk, som held observatørane fanga, seier at det ikkje ligg føre planar om å setje fri dei andre. Den svenske observatøren vart sett fri av medisinske årsaker, seier ho.

Separatistlederen Viasiljev Ponomarjov

Opprørsleiaren Viasiljev Ponomarjov seier at observatørane er å sjå på som krigsfangar.

Foto: VASILY MAXIMOV / Afp

– Han har ei mild form for diabetes, så vi har avgjort at han får gå, sa Stella Korosjeva til pressefolk like etter at den svenske observatøren vart sett fri.

Det var åtte observatørar frå OSSE-medlemsland som vart tekne til fange av opprørarar fredag, og blant dei er det fire tyskarar, ein svenske, ein danske, ein frå Tsjekkia og ein frå Polen. Dei var saman med fire ukrainarar, som også blir haldne fanga.

Reuters melder at den svenske observatøren kom ut av bygningen saman med tre uvæpna menn, og at dei køyrde frå staden i ein jeep. Dei ville ikkje svare på spørsmål frå journalistar.

– Bra behandla

På ein pressekonferanse tidlegare i dag sa den tyske observatøren Axel Schneider at dei har vorte behandla OK , men at dei første 12 timane var harde.

Tysklands utanriksminister Frank-Walter Steinmeier reagerer sterkt på måten observatørane vart viste fram på. Han meiner det vart gjort på ein audmjukande måte, og at det var i strid med alle internasjonale lover.

Russiske styresmakter har sagt at dei vil hjelpe til med å få sett observatørane fri, men i går sa leiaren for opprørarane, Viasiljev Ponomarjov, at han ikkje hadde høyrt noko frå Rusland om å setje dei fri.

Han sa tidlegare i dag at observatørane var å rekne som krigsfangar, fordi Slavjansk og resten av det austlege Ukraina er å rekne som ei krigssone. I går skulda han observatørane for å vere spionar for NATO.

Gisler Slavjansk, Axel Schneider i midten, Viasiljev Ponomarjov til høyre

Frå ein pressekonferanse tidlegare i dag, då observatøren Axel Schneider (i midten) snakka saman med opprørsleiaren Viasiljev Ponomarjov (t.h.).

Foto: Alexander Zemlianichenko / Ap

LES OGSÅ: Opprørarar tok tv-stasjon i Donetsk

LES OGSÅ: Et angrep vil gi russerne mindre geopolitisk makt enn på 500 år