Bodskapen er lagt ut som ei lydmelding på nettisda til ei gruppe som kallar seg Shumukh al-Islam, same nettsida som i går søndag var den første som identifiserte sjølvmordsbombaren i Stockholm.
Mannen som snakkar blir identifisert som Abu Suleiman-al Nasser, Al Qaidas krigsminister i Irak. Han lovar nye angrep på NATO og Europa, melder det franske nyheitsbyrået AFP.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Han ber om at NATO straks og utan vilkår trekkjer styrkane sine ut av Afghanistan. Om ikkje det skjer, seier han, vil vi slå til mot hjartet av Europa.
I ei skriftleg melding på same nettsida ber Abu Suleiman-al Nasser om at jihadistar skal skremme Vesten med falske meldingar om nye angrep i julehelga.
- Bruk dei neste dagane til å spreie terror og panikk i dei ikkje heilage landa. Vi vil skape redsle med falske alarmar, heiter det på nettstaden.
Berre sjølvmordsbombaren vart drepen i angrepet, medan to andre vart såra.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: