I alle år har forvirra menn fomla rundt i senga for å finne partnarane sitt g-punkt, den erogene sona som ved rett traktering skal få kvinner til å oppnå eit seksuelt klimaks.
No konkluderer ein stor britisk studie med at mannfolka har søkt forgjeves, og at det er på tide å avlive myten som har ført til at både menn og kvinner føler seg utilstrekkelege i sengehalmen.
Forskarane har funne ut at det ikkje finst bevis for at g-punktet eksisterer, og hevdar at fenomenet berre er fantasiar og urealistiske idear med opphav frå kvinnemagasin og sexterapeutar.
Tidlegare har forskarar hevda at ultralyd kan påvise det mystiske g-punktet som gir kvinner ekstra sterk orgasme.
Les også:
Umogleg å finne
G-punktet er meint å vere ei samling av nerveendar som nokre kvinner er heldige å ha, medan andre manglar. Sexterapeutar har gjort karriere av å fortelje kvinner at dei kan auke opplevinga av å ha eit g-punkt ved å ete riktig og mosjonere meir.
- Kvinner kan hevde at det å ha eit g-punkt har samanheng med kosthald eller trening, men faktisk er det nær sagt umogleg å påvise slike eigenskapar, seier medforfattar Tim Spector, professor i genetisk epidemiologi til
Det er ein studie av 1804 britiske kvinner i alderen 23 til 83 år, utført av forskarar ved King's College London, som sår tvil om g-punktet.
- Dette er den største studien som nokosinne er gjennomført, og det viser ganske opplagt at ideen om eit g-punkt er subjektiv, seier Spector.
Uansvarleg
Andrea Burri, den andre forfattaren bak studien, er uroa for at kvinner som fryktar dei manglar g-punktet føler seg utilstrekkeleg.
- Det er ganske uansvarleg å hevde eksistensen av ein ting som aldri har blitt påvist, seier ho.
Alle kvinnene i studien var tvillingar. Einegga tvillingar deler dei same gena, og om eit g-punkt eksisterte, skulle det ha vore samsvar mellom tvillingpara. I tilfelle der ein av tvillingane opplevde å ha eit g-punkt, fann forskarane ingen haldepunkt for at den andre tvillingen også hadde det.
Populær bløff
56 prosent av kvinnene opplevde å ha eit g-punkt, dei fleste av desse var relativt unge og seksuelt aktive.
Ekspertar hevdar studien, publisert i Journal of Sexual Medicine, rettferdiggjer den mangeårige tvilen om at godpunktet verkeleg finst.
- Eg trur denne studien beviser forskjellen mellom populærvitenskap og den biologiske eller anatomiske vitenskapen, seier Gedis Grudzinskas, gynekolog ved London Bridge Hospital.
Les også:
Les også: