Hopp til innhold

«Professoren» slepp utlevering - italienske fengsel for skumle

Ein italiensk mafiasjef, som vart arrestert i London i fjor etter over 20 år på flukt frå italiensk politi, blir ikkje utlevert til Italia. Italienske fengsel kan krenkje menneskerettane hans.

Domenico Randacore og kona på veg ut av retten.

Domenico Rancadore på veg ut av rettssalen i London saman med kona. Han blir ikkje utvist til Italia i denne omgang.

Foto: OLIVIA HARRIS / Reuters

Domenico Rancadore (65), kjend under kallenamnet «Professoren», slo seg ned i Storbritannia i 1994, der han tok namnet Marc Skinner. Namnet Skinner var eigentleg jentenamnet til svigermora hans.

I 20 år budde han i eit hus i bydelen Uxbridge i London saman med den britiske kona si og deira to born, før han vart arrestert i august i fjor. I nabolaget var det ingen som hadde mistanke til den sjarmerande italienaren, og for italiensk politi var han som sunken i jorda.

– I strid med menneskerettane

Domenico Rancadore har vore ettersøkt av italiensk politi i over 19 år.

Dette biletet av Domenico Rancadore er godt over 20 år gammalt.

Foto: HO / Afp

Etter sju månader i varetekt i eit britisk fengsel, møtte Rancadore for retten i Westminster Magistrate's Court i dag. Dommar Howard Riddle sa i retten i dag at han opphavleg hadde tenkt å gi grønt lyst for å utlevere Rancadore til Italia, etter å ha fått forsikringar frå italienske styresmakter at forholda i fengselet der ikkje ville vere i strid med menneskerettane hans.

Riddle viste no til at ein dom i ein høgare rettsinstans, The Admnistrative Court, har slått fast at italienske fengsel er så overfylte, at dei er i strid med menneskerettane. Difor hadde han ikkje anna val å enn å seie nei til utlevering.

Det er rundt 62.000 innsette i italienske fengsel, som eigentleg ikkje har plass til meir enn 48.000. I enkelte fengsel er det to og ein halv gong fleire innsette enn det eigentleg er plass til, ifølgje italienske menneskerettsgrupper.

Frykta inhuman behandling

Den europeiske menneskerettsdomstolen bad i fjor italienske styresmakter om å ta tak i dette problemet. Advokatane til «Professoren» brukte dette for alt det var verd i retten. Dei gjorde det klart at han i eit italienske fengsel kunne oppleve inhuman behandling, og at dette kunne gjere ei alt dårleg helse endå verre.

65-åringen har hjarteproblem, og han måtte nyleg på sjukehus for behandling.

Rancadore vart sett fri mot kausjon, mot at han går med ei elektronisk fotlenke og at han melder seg på den lokale politistasjonen dagleg. Italienske styresmakter har alt anka avgjerda i den britiske domstolen.

Domenico Rancadore var ein frykta mafioso i ei grein av Cosa Nostra i Trabia like ved Palermo. Faren hans, Guiseppe Rancadore, var toppsjef for avdelinga i Trabia, og han sonar ein livstidsdom i fengsel.

LES OGSÅ: «Professoren» må bli i britisk fengsel inntil vidare

Utdanna lærar

Domenico Rancadore og kona.

Domenico Rancadore og kona var godt tildekte då dei kom ut av rettssalen i Westminster i London i dag.

Foto: Sang Tan / Ap

Domenico Rancadore var utdanna lærar, og det var slik han fekk tilnamnet «Professoren».

Under det 20 år lange opphaldet i Storbritannia har han greidd seg utan pass og personnummer. Huset familien har budd i har stått i kona sitt namn, og han er ikkje registrert som arbeidstakar nokon stad.

Han flykta til Storbritannia like før han skulle møte i retten på Sicilia. Han vart seinare dømd til fengsel i sju år in absentia.

– Farleg kriminell

Italias dåverande innanriksminister, Angelino Alfano, sa då Rancadore vart arrestert i fjor haust at han var ein av dei farlegast italienske kriminelle på flukt. Han uttrykte glede over arrestasjonen.

Huset til «Professoren» i Uxbridge i London.

Her i dette huset i Uxbridge i London budde Domenico Rancadore saman med familien.

Foto: TOBY MELVILLE / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt