Russland har stoppa leveringa av gass - Foto: Murad Sezer / AP
Foto: Murad Sezer / AP

- EU bør ta rekninga

Russland har skrudd av gasskranane til Europa. Ein måte å løyse konflikta på er at EU gir pengestøtte til Ukraina, meiner Indra Øverland ved Nupi.

Elevane sit med boblejakka på i klasserommet på skule nummer 12 i Sofia, hovudstaden i Bulgaria. Etter kvart blir dei sendt heim att fordi gradestokken viser mellom 11 og 13 grader – innandørs.

Bulgaria hardast råka

- Firmaet som leverer sentralvarme har informert oss om at varmen kan bli skrudd på att i helga, slik at huset skal vere varmt igjen på måndag, seier rektor Viara Zaharjeva.

Bulgaria er kanskje det verst råka landet etter at Russland skrudde av gassleveransane til EU i dag tidleg. Bulgarske styresmakter ber alle om å bruke minst mulig gass, og har skrudd av varmen på all offentleg transport.

Elleve land utan gass

Elleve EU-land får no ikkje levert gass frå Russland, mellom dei Austerrike, Romania og Slovakia. Samstundes kjem ei kuldebølge inn over Europa, med temperaturar ned til 25 minusgrader.

- Russarane meiner at Ukraina skuldar dei pengar for gass i 2008, pluss at dei vil ha høgare pris for gassen i 2009. Ukrainarane er usamde i begge delar, seier Indra Øverland ved Norsk Utanrikspolitisk institutt (Nupi).

Det russiske energiselskapet Gazprom sender gassen sin til Europa via røyr gjennom Ukraina. Russarane har skulda Ukraina for å stele gass, og krev også at Ukraina skal betale same pris som andre land i Europa. Men Ukraina er eit fattig land i politisk kaos, og finanskrisa har ikkje gjort tilhøva betre.

- EU bør ta rekninga

- På mange måtar ser det ut som Europa burde prøve å bidra på ein måte, ikkje berre forhandlingsmessig og med å legge press på partane, men også ved å hjelpe ukrainarane finansielt, seier Indra Øverland.

- Det er ei av dei mest realistiske løysingane vi ser i dag, meiner Øverland.

EU vil no sende observatørar til Ukraina for å overvåke gassleveransane. EU meiner det er uakseptabelt av Russland å stoppe gassleveransane, og trappar no opp språkbruken. Leiar for EU-kommisjonen, Jose Manuel Barroso, var i dag på telefonen med Julia Timosjenko i Ukraina og Vladimir Putin i Russland.

- Barroso fortalde dei at det er uakseptabelt at gassleveransane til EU blir teken som gissel i forhandlingar mellom Russland og Ukraina, seier talskvinne for EU-kommisjonen Pia Ahrenkilde Hansen.

EU avhengig av Russland

EU meiner Russland sitt rykte som stabil energileverandør står på spel. Men EU er svært avhengige av russisk gass, og har difor lite makt å setje bak krava. Heile 25 prosent av energileveransen til EU kjem frå Russland.

- EU har stor befolkning og veldig lite produksjon av eigen energi. Den må importerast, seier Indra Øverland ved Nupi, som trur gasskonflikta vil setje endå meir fart i produksjonen av ny fornybar energi og auke presset for å byggje ut meir atomkraft i land som Tyskland.

I Bosnia stod folk i dag i kø for å kjøpe elektriske omnar. Mange hugsar energimangelen under krigen på 90-talet, der folk fyrte med gamle sko for å halde varmen. 72.000 husstandar i Sarajevo var utan gass i dag, og ute er det femten minusgrader.

- Dette er galskap, vi betaler dei kvart år, men likevel frys vi. Eg legg også ansvaret på regjeringa vår for ikkje å passe betre på oss, seier bosniske Habiba Mujagic i Sarajevo til nyheitsbyrået AP.

(NRK/AP)

Flere utenriksnyheter

Utvalgte dokumentarer

Japansk dokumentar. Kvar og når oppstod det første livet på jorda? Ein stor studie blei nylig starta for å løyse dette store biologiske mysteriet. Forskarane undersøker havområde djupare enn 1000 meter. Hydrotermiske opningar i havbotnen på desse djupa støyter ut vatn med temperaturar over 300 gradar. Teorien er at dette miljøet truleg er nesten det same som da livet blei til på jorda for fire milliardar år sidan. (Deep Sea Expedition - Searching for Life's Origin)
Hassan Dhuhulow kom til Norge da han var en ung gutt. I fjor deltok han i en brutal nedslakting av tilfeldige mennesker på kjøpesenteret Westgate i Nairobi. Minst 67 mennesker døde. Hva fikk Dhuhulow til å reise fra en rolig, norsk småby for å bli terrorist? Når ble han radikalisert? Vi har fulgt i hans fotspor, og møtt ofrene og de etterlatte i Nairobi.
Norsk dokumentar. Førstkommende søndag går 143 millioner brasilianere til valgurnene i den avgjørende omgangen i årets presidentvalg. Kampen står mellom venstresidens kandidat, president Dilma Rouseff, og sentrum-høyre-kandidaten Aecio Neves. Mye står på spill - også for norsk industri, som har investert store summer i Brasil.