Hopp til innhold

- Drapsforsøk på 12-åring kan vere del av familiefeide

Drapsforsøket på ein 12 år gammal gut i Borås i Sverige nyttårsaftan, kan vere del av ei gammal og brutal feide mellom to familiar.

borås

Det var utanfor denne frikyrkja i Borås, Bodakyrkan, at 12-åringen vart funnen nyttårsaftan.

Foto: SVT

Dette seier ein person som kjenner familien til Gøteborgstidningen/Expressen . 12-åringen vart funnen alvorleg mishandla med kniv, og dessutan skoten to gonger . Tilstanden hans er framleis alvorleg, men stabil. Han er ikkje i stand til å bli avhøyrd.

Ein mann vart observert då han sprang frå staden, men politiet har enno ikkje kome i kontakt med han.

Mann i refleksvest

Eit tomt kulemagasin og ein kniv vart funne like ved staden der 12-åringen vart funnen.

Politiet har etterlyst ein mann i alderen 20 til 25 år kledd i refleksvest, som skal ha vore i området då ugjerninga skjedde. Han skal elles hatt svarte klede og ha kortklipt hår og skjegg. Han blir sagt å ha ein søreuropeisk utsjånad .

Göteborgstidningen har snakka med ein mann som har hatt kontakt med familien til 12-åringen fleire gonger, og han seier at det i familien sitt heimland på Balkan har vore fleire fjernsynsprogram om kva som har skjedd med denne familien. Han seier at saka går 10–15 år tilbake i tida.

Blodhemn

Mannen fortel at massemedium i heimlandet har fortalt at faren og onkelen til 12-åringen sit fengsla for drapet på to brør. Dette skal ha vore ei blodhemn fordi dei to brørne skal ha stått bak drapet på farfaren til dei to brørne for rundt fem år sidan.

Kjelda seier vidare at det vart for farleg for familiemedlemene å vere i heimlandet, og at det var årsaka til at dei søkte og fekk innvilga asyl i Sverige for tre år sidan.

Politiet i Västra Götaland vil ikkje kommentere opplysningane i Göteborgstidningen/Expressen.

SISTE NYTT

Siste nytt