Dette går fram ein video som nettovervakings-organisasjonen SITE har funne på Internett. I videoen seier Al Qaida-leiaren blant anna at han har godt nytt til alle muslimar og dårleg nytt til alle vantru.
– I dag har eg gode nyheiter til den muslimske nasjonen som vil glede dei truande og skremme dei vantru, om at al-Shabab-rørsla i Somalia har blitt ein del av det internasjonale Al Qaida-nettverket, seier al-Zawahri i videoen.
Han held fram med at al-Shabab skal gå inn i den heilage krigen mot sionistkorsfararane og deira svikefulle agentar I muslimske land..
Al-Shabab i Somalia gjorde det klart at dei støtta Ayman al-Zawahiri som ny leiar i Al Qaida, etter at Osama bin Laden vart drepen i fjor.
Al-Shabab kontrollerer store område i Somalia. Dei trekte seg ut av hovudstaden Mogadishu i fjor, men gjennomfører ofte sjølvmordsaksjonar og andre angrep inne i byen.
Seinast i går vart minst
i det som truleg var ein sjølvmordsaksjon sett i verk av organisasjonen.LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: