Hopp til innhold

- 32-åringen fryktar framtida

Den 32 år gamle kvinna som har skulda IMF-sjefen Dominique Strauss-Kahn for overgrep, seier ho redd for kva som vil skje med henne og dottera, men at ho vil vitne mot han i retten.

Video Strauss-Kahn plassert på fangeøy

Strauss-Kahn plassert på fangeøy

Forsvararen hennar, Jeffrey Shapiro, seier til BBC at kvinna, som jobbar med reingjering og stell av romma ved luksushotellet Sofitel på Manhattan i New York, ikkje visste kven mannen var før dagen etter at det skjedde.

Jeffrey Shapiro er forsvarar for den 32 år gamle kvinna.

Jeffrey Shapiro er forsvararar til den 32 år gamle kvinna, som har meldt Dominique Strauss-Kahn for seksuelle overgrep.

Foto: Bebeto Matthews / Ap

Då ho fann ut at han var rik og mektig var hennar første tanke frykt både for seg sjølv og den 15 år gamle dottera si. Shapiro seier at ho er redd og sterkt uroa for framtida deira.

Fattig nabolag i Bronx

Dei to bur i eit leigd husvære i eit fattig nabolag New York-bydelen Bronx. Politiet valde å flytte dei til eit trygt husvære ein annan stad i verdsmetropolen, då det samla seg mange menneske utanfor bygningen deira i Bronx.

- Det har vore fullt oppstyr sidan dette skjedde. Ho har ikkje hatt eit minutt med ro, og det har ikkje vore mogleg for henne å søkje hjelp, seier Jeffrey Shapiro.

Den 32 år gamle kvinna kjem opprinneleg frå det vestafrikanske landet Guinea. Ho kom til USA saman med dottera for sju år sidan, og ho har jobba på Sofitel-hotellet i tre år.

Ein av advokatane til Strauss-Kahn, Benjamin Brafman, sa tidlegare denne veka at han var sikker på at dei tekniske funna ville bevise at det ikkje vart brukt vald på hotellrommet.

Fengselsøya Rikers Island i East River, New York

Her på fengselsøya Rikers Island i East River i New York sit Strauss-Kahn fengsla.

Foto: Julia Robertson / Ap

Spesiell overvaking

Sofitel hotel på Manhattan i New York

Det fasjonable Sofitel hotel på Manhattan i New York.

Foto: MONIKA GRAFF / Afp

Advokatane hans er sikre på at dei skal få han ut av fengselet . IMF-sjefen er fengsla på Rikers Island, og han er sett under spesiell overvaking for å hindre eit mogleg sjølvmordsforsøk, blir det opplyst.

Jeffrey Shafiro seier på si side at ingen som har høyrt henne forteljle om det som skjedde, vil tru at det var frivillig frå hennar side. Han legg til at klienten hans ikkje har nokon annan agenda enn å fortelje sanninga.

Han avviser skuldingane om klienten hans har vore med på ein konspirasjon for å skade Strauss-Kahn politisk, og han kallar desse påstandane for latterlege.

Strauss-Kahn er sikta for blant anna valdtektsforsøk. Kvinna har forklart at Strauss-Kahn låste døra til rommet då ho kom inn. Ho fortel at han jaga henne inn i ei seng, drog av henne nokre av kleda og tvang henne til seksuelle handlingar.

Ho greidde å rive seg laus og kom seg ut av rommet, for så å varsle leiinga ved hotellet.

Saka har vekt enorm merksemd i internasjonal presse.

Saka har vekt enorm interesse i internasjonal presse.

Foto: THOMAS COEX / Afp

Strauss-Kahn skal møte for retten igjen fredag.

- Gret ustanseleg

Broren til den 32 år gamle kvinna fortel at ho ringde til han dagen etter ho hadde meldt saka til politiet. Ho fortalde gråtande at ho var blitt overfallen og seksuelt mishandla av ein av dei mektigaste mennene i verda.

- Ho gret ustanseleg, og eg bad henne om å passe seg og ikkje skade seg. Eg har aldri høyrt henne slik før, ho var knust, seier broren, som jobbar på ein kafe i Harlem i New York.

Han fortel at ho var saman med politifolk då ho ringde til han.

LES OGSÅ: Denne twittermeldingen skaper konspirasjonsteorier

LES OGSÅ: Strauss-Kahn må bli i fengsel

LES OGSÅ: Strauss-Kahn anklages for flere overgrep

SISTE NYTT

Siste nytt