Hopp til innhold

– Frp har ikkje håp i havet om å få gjennomslag for asylpolitikken

Venstre og Framstegspartiet seier dei begge er klar for eit breitt borgarleg regjeringssamarbeid. Men vilja til å kompromisse om innvandringa er ikkje til stades.

Abid Raja

Venstrepolitikar Abid Raja seier han ikkje har noko tru på at Framstegspartiet får gjennomslag for innvandringspolitikken sin ved eit borgarleg regjeringssamarbeid.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Me vil aldri kunne gå med på å bryte dei internasjonale forpliktingane våre, seier Abid Raja, Venstre sin stortingstopp for Akershus til NRK. Han har sagt opp diplomatjobben sin i India for å gjere comeback i politikken.

For første gong er eit breitt borgarleg alternativ, med alle dei fire såkalla ikkje-sosialistiske partia aktuelt. Nye konfliktliner oppstår. Klima, handlingsregelen, alkoholpolitikk er døme på saksområde der ein finn ytterpunkta mellom dei borgarlege partia. Men for Venstre, som no skal ha sitt landsmøte, er kanskje innvandring det største konfliktområdet. Partiet er på ein annan planet enn Framstegspartiet, og Abid Raja har ingen tru på at Venstre vil kompromisse.

– Heilt usannsynleg

– Det er heilt usannsynleg at Frp som det einaste partiet på Stortinget som ønskjer å bryte med menneskerettane kan ha noko håp i havet om å få gjennomslag for denne politikken, seier han.

– Det er veldig viktig for Venstre at me ikkje går på akkord med forpliktingane våre, og at me ikkje bryt menneskerettane. Dersom det kjem menneske til Noreg som har behov for beskyttelse og asyl, så kan ikkje me la vere å gi det til dei fordi dei har mørk hudfarge eller allereie har mange asylsøkjarar.

– Kor realistisk er det at det er dykk som vinn fram når Frp er tre-fire gongar så store som dykk?

– Me håpar jo difor at veljarane vurderer Venstre som partiet å røyste på på borgarleg side slik at me får eit blågrønt fleirtal, beståande av Venstre, Høgre og KrF.

– Vil du drive valkamp på å få fleire innvandrarar til Noreg?

– Det er ikkje noko mål for meg å ha auka innvandring til Noreg, men det er eit mål for meg at norsk næringsliv har tilgang til dei kloke hovuda, og at me gjer det lettare for utanlandske arbeidstakarar å kome til Noreg når næringslivet treng dei.

– Meir enn nok innvandring

Per Sandberg

Per Sandberg i Frp meiner Vestre bør konsentrere seg meir om utfordringane innvandringa fører mer seg.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Nestleiar i Framstegspartiet, Per Sandberg, er ikkje med på argumenta til Raja. Partiet er ikkje berre i mot ein liberalisering, dei vil også stramme inn.

– Nei, slik som situasjonen er no har me 60 til 70 tusen innvandrarar som kjem til Noreg kvart einaste år av ulik karakter. Asylsøkjarar, kvoteflyktningar, illegale innvandrarar og arbeidsinnvandrarar. Eg trur Noreg har meir enn nok med å handtere situasjonen slik den er i dag, og at me heller bør gå i motsett retning og stramme inn på enkelte område.

– Betyr det at dykk ikkje i det heile teke kan vere med på eit krav om ein oppmjuking av innvandringspolitikken?

– Eg vil heller rette spørsmålet til landsmøtet til Venstre. Når dei seier dei ønskjer å liberalisere, så må dei tydeleggjere og klargjere det på ein heilt annan måte. Eg meiner me har ein svært liberal innvandringspolitikk allereie. Då må også Venstre svare på korleis ein skal handtere ein situasjon med auka innvandring til Noreg.

– Ansvaret ligg på alle parti

Sandberg meiner innvandringa er gir store utfordringar når det gjeld infrastrukturen, bustadmangel, velferdsytingar, utlendingar i norske fengslar og kriminalitetsnivået.

– Kor viktig er denne saka i ein eventuell regjeringsplattform?

– Den er ikkje viktig berre for Frp å få kontroll på norsk flyktning- og asylpolitikk. Det er eit ansvar som ligg på alle parti. Og eg registerar at fleire og fleire parti ser at me er ein situasjon der me ikkje greier å handtere den store innvandringa til Noreg.

– Men kven skal gi seg på prinsippa dersom det blir ei felles regjering med Venstre?

– Det er ein situasjon me må forhandle om. Men det er først og fremst veljarane som må avgjere dette her no. Dersom folk ønskjer å liberalisere norsk asylpolitikk vil sannsynlegvis Venstre få nokre ekstra røyster, men ønskjer ein å stramme inn så får Framstegspartiet fleire stemmer.

Meiner løysingar er mogleg

Sveinung Rotevatn

Sveinung Rotevatn i Venstre seier at asylpolitikk vil bli avgjerande for partiet i eit regjeringssamarbeid.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn seier at innvandringsspørsmålet vil bli vanskeleg. Men han er noko meir diplomatisk enn Raja når det gjeld samarbeid med Frp.

– Innvandringspolitikk er vanskeleg i møte med Frp. Men eg trur me kan finne løysingar med partiet, til dømes når det gjeld arbeidsinnvandringa.

Rotevatn, som høyrer til den meir liberalistiske fraksjonen i Venstre, er forkjempar av det ideologiske aspektet ved friare innvandring.

– Det er ein grunnleggjande liberal verdi at menneske kan bevege seg friare over landegrensene, i tillegg til at det er viktig for norsk økonomi at me har folk som kan kome hit og pleie våre sjuke, servere oss og jobbe i industrien.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.