Hopp til innhold

Solvik–Olsen kritiserer NRK: – Det var ingen av oss som ringde til dykk

Frp-nestleiar Ketil Solvik–Olsen meiner media må slutte å rapportere om kva enkeltpersonar i Frp seier, og heller halde seg til den offisielle lina i partiet.

Ketil Solvik-Olsen

Frp-nestleiar Ketil Solvik-Olsen meiner media skapar bilete som ikkje stemmer overeins med røynda når dei hentar inn kommentarar frå enkeltpersonar og ikkje frå offisielt, sentralt hald. Frp-toppane har seg sjølve å takka, meiner generalsekretæren i Norsk Presseforbund.

Foto: Karlsen, Anette / NTB scanpix

NRK.no melde tidlegare i dag at fleire sentrale Frp-politikarar ikkje ønskjer å gå inn i ei brei borgarleg regjering med Venstre og Kristeleg Folkeparti.

Heile ni av dei 19 Frp-listetoppane vil ha ein regjering beståande av Høgre og Frp. Berre tre av dei seier dei ønskjer ei firepartiregjering.

Dermed er minst halvparten ueinige med partileiinga, som seier dei vil danne regjering saman med alle dei fire partia.

– Dette er private meiningar

Nestleiar i partiet, Ketil Solvik–Olsen, meiner dette er uvesentlege og medieskapte debattar, som gir eit feil bilete av røynda. Han går hardt ut mot media og NRK, og meiner dei bør vere nøgde med å rapportere om partiet si offisielle line.

– Dette er private meiningar som dei har. Strategien til partiet slår fast, og me vil samarbeide med alle dei andre opposisjonspartia. Det betyr at me kan få fleirtal for ny regjering. Strategien er at den skal vare i lang tid, og då må me samarbeide breitt.

Solvik-Olsen meiner NRK prøvar å skape debattar med å fiske etter meiningar i periferien i dei politiske partia.

– Både NRK og andre media prøvar å skape ei rekkje debattar ved å stille spørsmål til ulike politikarar, og går ganske langt ut i organisasjonen til slutt berre for å få ei stemme.

– Men me har snakka med tre fylkestoppar som sit på Stortinget ...?

Ja, men det var ingen av dei som ringte dykk. Poenget her er at media ringer alle opposisjonspartia for å finne ei stemme som kan bidra til at media sjølv lagar saker som kan skape uvisse.

  • Bør media halde seg til partia si offisielle linje? Sei di meining i kommentarfeltet.

– Media skaper nyheiter

Solvik-Olsen illustrerer kva han meiner ved å snu problemstillinga. Han seier at slik journalistar representerer ei mediebedrift, bør også journalistane respektere at Frp-politikarane representerer partileiinga.

– Er det ikkje jobben til media å finne ut kor realistiske ulike regjeringsalternativ er?

– Det media gjer er jo å skape nyheiter. Når ein har klare vedtak i alle dei fire partia, så er det noko ein bør halde seg til. Det vil alltid vere slik at enkeltpersonar gjerne har andre meiningar. Akkurat som når eg held meg til journalistar når dei jobbar på vegner av NRK, og ikkje at dei driv privatpraktiserande verksemd i tillegg.

– Meiner du at NRK ikkje burde laga sak på at fleire fylkestoppar i Frp er ueinige med leiinga i partiet om regjeringsstrategien?

NRK står fritt til å rapportere om kva dei vil, men det reflekterer ikkje den røynda som faktisk eksisterer på borgarleg side, der alle partia har sagt at dei skal samarbeide.

Kokkvold: – Kritikken bommar fullstendig

Generalsekretær Per Edgar Kokkvold i Norsk Presseforbund

Generalsekretær Per Edgar Kokkvold i Norsk Presseforbund seier det er første gong han har vore vitne til ein slik mediekritikk.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Generalsekretær i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvold, meiner Solvik-Olsen bommar med kritikken.

– Det er heilt naturleg for ei medieverksemd som har ambisjonar om å drive kritisk undersøkjande journalistikk, å sjekke korleis leiande Frp-politikarar held seg til forskjellige regjeringsalternativ. Skulle ikkje fylkestoppane ha synspunkt? Dei representerer jo kvar sine fylkesparti. Dette er ein heilt naturleg del av oppgåva til media.

– Denne typen mediekritikk bommar fullstendig. NRK burde hatt honnør for å stille heilt relevante spørsmål, seier den avtroppande pressetoppen til NRK.no.

Kokkvold meiner politikarane sjølve har lagt opp til at pressa skal vende seg til enkeltpersonar.

– Politikarane har i ein høg grad bidratt til å privatisere politikken. Dei snakkar i stor grad om «eg». Ingen har så vidt eg kan sjå protestert på denne merksemda mot enkeltpersonar tidlegare.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.