Hopp til innhold

Har du enno ikkje bestemt deg?

Måndag er valdagen for Stortingsvalget. Her kan du lesa alle portretta av listetoppane frå Hordaland.

Alle listetoppane i Hordaland
Foto: Montasje / NRK

Denne sommaren har vi i ei portrettserie gått nærmare på toppkandidatane i dei politiske partia i Hordaland.

Har du enno ikkje bestemt deg for kva parti du skal stemma på valdagen? Les alle portretta av første- og andrekandidatane som kjempar om ein plass frå Hordaland på Stortinget her.

Kjersti Toppe (Senterpartiet)

Ho er seksbarnsmor, lege, og kan eigentleg ikkje fordra ektemannen sin musikksmak. Kjersti Toppe brenn for distrikta, og er noko så sjeldan som ein Sp-representant frå ein storbykommune.

– Eg vil snakke opp landbruket, norsk matproduksjon. Jordbruket i Hordaland er ei kjempenæring

Peter Christian Frølich (Høgre)

Peter Christian Frølich har ein lengre CV enn 25-åringar flest. Det politiske førebiletet til Høgre-politikaren, Winston Churchill, kan òg skuldast for å vera ein smule veslevakse.

– Det er minst like mange varme og godhjarta personar på høgresida i politikken.

Gjermund Hagesæter (Framstegspartiet)

FrP-politikar Gjermund Hagesæter vart prega av opplevingar i Nord-Korea. – Nord-Korea er dømet på kor gale det kan gå når staten tar all makt over enkeltmennesket, seier listetoppen.

– Grunnen til at eg gjekk inn i Framstegspartiet, var at eg misliker veldig sterkt statleg detaljstyring og statleg byråkrati. Det er for mange påbod og forbod, og for mykje detaljregulering

Audun Lysbakken (Sosialistisk venstreparti)

Audun Lysbakken er engasjert miljøforkjempar, og trur dagens politikarar vil bli målt på éin ting i framtida: Om dei handla medan det endå var tid.

– Kvar einaste stemme vi får, skal omsetjast i redusert oljeavhengnad, grønare transport og meir rettferdig fordeling.

Per Rune Henriksen (Arbeidarpartiet)

Toppkandidat for Arbeidarpartiet, Per Rune Henriksen, gjekk lenge arbeidslaus. Han blei prega av å sjå kor lite fri du kan vere som menneske når du ufrivillig står utanfor arbeidslivet.

– Skilnadane mellom folk aukar, og vi får mindre verdiskaping. Folk står ofte utanfor, og det kjennest som ein er overlaten til seg sjølv, seier han.

Astrid Aahus Byrknes (Kristeleg folkeparti)

Ho vil vinna veljarar ved å henta kristendomen tilbake til klasseromma, og seier tydeleg nei til tidleg ultralyd for alle gravide. Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes vil kjempa mot "sorteringsamfunnet" dersom ho får stortingsplass til hausten.

– Eg trur vi ønskjer røter i Noreg, at vi ønskjer oss identitet. Vi har eit fleirkulturelt samfunn, og det synest eg er flott.

Sigrid Handegard (Senterpartiet)

Sigrid Handegard har vore både ordførar og politisk rådgjevar. No vil ho prøve seg som stortingsrepresentant.

– Eg har eit brennande engasjement for at vi skal produsere mest mogleg av vår eigen mat.

Terje Breivik (Venstre)

Første gongen Terje Breivik røysta, valde han Venstre, for å unngå å gjere noko gale. No er han nestleiar, og vil representere partiet på Stortinget.

– Å leggje til rette for verdiskaping i dag, er å investere i framtidig velferd. Noreg er eit av verdas beste velferdssamfunn, og då er det viktig å ikkje berre ta vare på, men også vidareutvikle det.

Odd Arild Viste (Raudt)

Han har ingenting i mot kommunisme, men kallar seg helst sosialist. Odd Arild Viste meiner tida er overmoden for ei røyst til venste for SV på Stortinget.

– Då trengst det openbert eit parti som er meir fristilt, for å få fram den kritikken som ein veldig stor del av den norske befolkninga står for i dag.

Erna Solberg (Høgre)

Ho diggar rap, gler seg til Rihanna-konsert med familien og påstår ho har slutta å kjefte i debattar. No er ho klar til å bli Bergens første statsminister på 80 år, dersom veljarane berre vil.

– Eg er gira på å bli statsminister, men det er ein tøff valkamp vi har framfor oss.

Tom Sverre Tomren (Miljøpartiet Dei Grøne)

Sokneprest og miljøaktivist Tom Sverre Tomren (47) følte seg behandla som ein søt puddel då han var aktiv i Kristelig Folkeparti. No frontar han Miljøpartiet Dei Grøne og kan skyve SV-leiar Audun Lysbakken ut av Stortinget.

– Vi treng eit ordentleg miljøparti no, slik som dei har i dei fleste andre europeiske land. Eg trur tida er overmoden for det.

Helge Andrè Njåstad (Framstegspartiet)

Han var landet yngste ordførar då han overraskande tok makta i 2003. Etter å ha gjort Austevoll til landets største Frp-bastion, vil Helge André Njåstad på Stortinget – mellom anna for å tale Facebook-venene si sak.

– Det viktigaste for Hordaland er å få lov til å utvikle seg vidare. Å få vere den næringslivsmotoren som ein er.

Gina Barstad (Sosialistisk venstreparti)

USA sin innovasjon av Irak brakte ho inn i politikken, men det er likestilling ho brenn for. Litt i skuggen av førstekandidat og partileiar Audun Lysbakken, stiller Gina Barstad for andre gong som andrekandidat på Hordaland SV si stortingsliste.

– Ein av dei største urettane i Norge er at kvinnene som driv velferdsstaten og gjer dei tyngste jobbane, får så dårleg betalt og har så dårlege arbeidsvilkår.

Jette Christensen (Arbeidarpartiet)

Jette Christensen sitt politiske engasjement starta tidleg i tenåra. – Eg klarte ikkje å sitje og sjå på at verda var urettferdig, seier ho. No sit ho på trygg stortingsplass.

– Uansett kvar du kjem frå, kva du heiter, kjønn og korleis økonomien er, skal du ha same moglegheiter som andre. Derfor ønskjer eg eit velferdssamfunn som legg til rette for det.

Knut Arild Hareide (Kristeleg Folkeparti)

Knut Arild Hareide er klar for å løfte KrF til nye høgder, og trekk parallellar til ein Høgre-nestor. Men først tek han med dottera heim til Bømlo for første gang.

– Det handlar om menneskeverdet. KrF vil hjelpe til når livet er på det mest sårbare: I byrjinga av livet, ved slutten av livet og når sjukdom rammar.

Vil du vite meir om småpartia?

I ein anna serie har vi trekt fram dei små partia som også stiller til val.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.