Hopp til innhold

Amper valduell om narkopark

Regjeringa har skulda for at narkoen flyt både i Nygårdsparken i Bergen og på Plata i Oslo, hevdar leiaren i Unge Høgre. Det fekk AUF-leiar Eskil Pedersen til å antenne under ein debatt i Bergen torsdag kveld.

SJÅ: Eskil Pedersen og Paul Joakim Sandøy i debatt om narkomiljøet i Nygårdsparken.

FYRTE SEG OPP: Sjå AUF-leiar Eskil Pedersen og Unge Høgre-leiar Paul Joakim Sandøy i heftig debatt om narkomiljøet i Nygårdsparken i Bergen.

Problema i Nygårdsparken i Bergen er ein av dei største skamplettane etter åtte år med raudgrøn regjering

Paul Joakim Sandøy, Unge Høgre-leiar

– Det er typisk at når noko går gale i ein Høgre-styrt kommune, så er det alltid regjeringa sin feil, sa ein oppgitt og irritert Pedersen, etter at han sjølv hadde klint til mot Høgre-styret i Bergen.

Etter ein tam debatt om klima og miljø, vart temperaturen høg då Eskil Pedersen og Unge Høgre-leiar Paul Joakim Sandøy måtte i duell om forholda i Nygårdsparken, på NRK.no sin direktesendte valdebatt torsdag kveld.

Nordens største narkoarena

Det som skal vere ei grøn lunge og eit friluftsområde i Høgre-styrte Bergen, har ord på seg for å vere Nord-Europas største og mest openlyse arena for kjøp og sal av narkotika. Slik har det vore i fleire tiår. Kva har gått gale, og kva er løysinga, ville debattleiar Oddgeir Øystese vite.

For naboane til parken fortvilar, og meiner situasjonen er verre enn nokon gong.

– Situasjonen i og rundt parken har aldri vært så ille som den er nå, sa Svein Ove Bjørnestad, styreleiar i Nygårdsparkens venner og nabo i Villaveien like ved, til NRK.no tidlegare torsdag.

Openlyst narkosal, nattestøy og stadig grovare valdskriminalitet har ifølgje naboane gjort miljøet i Nygårdsparken røffare dei siste månadene.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Nygårdsparken

NYGÅRDSPARKEN: I fleire tiår har parken som ligg sentralt i Bergen vore samlingstad for rusavhengige.

Foto: NRK

Nabo: – Ingen fortener å leve på denne måten

– Det opplevast som direkte ubehageleg for oss som bur rundt parken. Dei kjenner på dører, bildører, og grev i hagen etter boss. Nygårdsparken ser ut som ei søppeldynge. Det ser ikkje ut, sa Mari Eide frå salen framfor ungdomspartileiarane i Grand selskapslokaler.

Mari Eide

ETTERLYSER HANDLING: Mari Eide, nabo til Nygårdsparken i Bergen krev at noko blir gjort med det store, openlyse og svært så røffe narkomiljøet.

Foto: NRK

Ho er nabo til parken, og etterlyste mottak for tunge rusmisbrukarar.

Det er ei skam at ingen har gjort noko med dette.

Mari Eide, nabo til Nygårdsparken

– Problemet er at dei har ikkje andre stader å gå.
Eg synest jo synd på dei. Ingen fortener å leve på denne måten. Det er ei skam at ingen har gjort noko med dette. Ein må få mottak for tunge rusmisbrukarar, kravde Eide, før Pedersen og Sandøy fekk ordet.

LES OGSÅ:

AUF skulda på Høgre-kommunen...

– Eg forstår frustrasjonen. Eg har sjølv budd tre år ved Nygårdsparken. Politiet gjer ikkje nok for å trygge naboane. Det handlar om ressursar, politiet må prioritere, var Unge Høgre-leiaren si umiddelbare løysing.

– Politiet må prioritere naboane sin tryggleik, sa Sandøy.

Det meiner AUF-leiar Eskil Pedersen er for lettvint.

Høgre og byrådet i Bergen har svikta dei narkomane.

Eskil Pedersen, AUF-leiar

– Det som skjer i Bergen er politisk ansvarsforskriving over mange år. Høgre og byrådet i Bergen har svikta dei narkomane. Ein seier nei til sprøyterom. Strax-huset (tilbod til rusavheninge, jour. anm.) ligg altfor langt frå parken. Og dei har lagt ned eit ambulerande team, sa Pedersen som etterlyste tryggleik og ei meir verdig behandling av byens rusmisbrukarar.

...Unge Høgre skulda på regjeringa

Men trass 10 år med byrådsleiar frå Høgre, og byrådssamarbeid mellom Høgre, Frp og KrF, er ikkje problema i Nygårdsparken dei borgarlege sin feil, meiner Unge Høgre-leiaren.

– Regjeringa har skulda. Problema i Nygårdsparken i Bergen er ein av dei største skamplettane etter åtte år med raudgrøn regjering, parerte Unge Høgre-leiar Paul Joakim Sandøy, også han meir og meir opptrekt.

Han viste til at behandlingskøane har auka.

– Rusavhengige får ikkje behandling når dei treng det. Det er regjeringa si skuld. Og Arbeidarpartiet i Bergen har støtta kommunen sin rusplan, sa Paul Joakim Sandøy med heva røyst i duellen der dei to ungdomspartileiarane etter kvart kappast om å tildele ansvar.

– Dette er feil og typisk Høgre. Det er alltid nokon andre som har skulda. De har styrt denne byen i lang tid. De har i mange år sagt nei til å opprette eit sprøyterom. Bergen har ikkje gjort jobben sin. Eg er lei av at Høgre alltid skuldar på regjeringa. Kvar gong, forsvarte Pedersen.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Paul Joakim Sandøy og Eskil Pedersen i narkodebatt

SKULDA PÅ KVARANDRE: Unge Høgre-leiar Paul Joakim Sandøy (t.v.) meiner det er den raudgrøne regjeringa som har svikta dei store rusmiljøa. Eskil Pedersen i AUF skulda på Høgre-styrte bykommunar.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Men kva skjer?

Kan du garantere at problemet blir mindre med Høgre i regjering, ville debattleiar Oddgeir Øystese vite.

– Ja, det kan eg gjere, svara Sandøy kontant.

– Nei, supplerte Pedersen like kjapt.

Nabo Mari Eide veit ikkje om ho torer å tru på ei endring i Nygårdsparken, sjølv med ny regjering.

– Det spørs. Eg føler det er kommunen som har ungått problemet. Det har vore eit problem i 40 år. Eit inngrodd og oversett problem. Nokon må snart tore å vere tøffe nok, sa ho frå tilhøyrarplass i salen.

LES OGSÅ:

Venstre-topp: – Dei har dei ikkje kunnskap om

I salen sat også Erlend Horn, gruppeleiar for Venstre i Bergen bystyre. Når NRK.no møter han etter debatten, er det ein lite imponert opposisjonspolitikar.

– Det er veldig tydeleg at ingen av desse to har kjennskap til problemet her i Bergen. Sandøy skuldar på regjeringa, og Pedersen på byrådet i Bergen. Sanninga er at dette er eit felt som både kommune og stat har ansvar for, og begge har svikta. Det var tynn suppe. Det viser desverre ein kunnskapsmangel på dette feltet.

Venstre sin gruppeleiar i Bergen meiner ungdomspartileiarane frå AUF og Unge Høgre under debatten hadde ein sjanse til å vise om dei faktisk har konkrete løysingar på rusomsorga.

– Men det vart ein typisk «du har skulda for det, og du har skulda for det»-debatt. Dei burde heller diskutert kvifor sprøyterom, kvifor ikkje sprøyte rom. Kvifor ikkje herion-assistert behandling. Nygårdsparken som russcene vil bestå heilt til vi tek desse debattane. Då hjelper det Ikkje å snakke om kven som har skulda, seier Erlend Horn.

Pedersen: – Hadde konkrete løysingar

Venstre-politikaren si oppsummering av rusdebatten er ei tolking AUF-leiaren ikkje kjenner seg att i.

– I debatten tok eg opp mange konkrete tiltak som Høgre-sida i Bergen ikkje har gjort noko med. Som sprøyterom, å flytte Strax-huset nærmare sentrum, og å oppretthalde det ambulerande brukarstyrte team som hadde gode resultat med rusavhengige som har psykiske problem. Dette er tiltak som ville gjort tilhøva betre både for dei rusavhengige i Nygårdsparken, og naboane rundt parken, seier Pedersen til NRK.no.

Valdebatten i Bergen torsdag kveld vart arrangert av Bergen Næringsråd og NRK.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.