Hopp til innhold

Fabian Stang: Full krise i stemmesystemet

Ordførar i Oslo, Fabian Stang (H) varslar full krise i valopptellingssystemet i hovudstaden. Stang dramatiserer, seier Liv Signe Navarsete til NRK.

Fabian Stang.

TELLEKRISE: Ein feil blei oppdaga i telesystemet kvelden før vallokala opnar søndag. Fabian Stang kallar det ein krise at det kan skje feil så nært valet.

Foto: Karlsen, Anette / NTB scanpix

Problema i teljesystemet i er så store at Stang seier det i verste fall kan ta fem dagar ekstra før valresultatet blir klart, skriv VG laurdag kveld.

– Eg trur ein kan telje stemmer manuelt, eg trur ikkje det øydelegg kvaliteten på oppteljinga. Men det kan forseinke resultatet med fem dagar, seier Stang til avisa.

– Feilen er løyst

Ifølgje Kommunal- og regionaldepartementet er feilen som råka opptellingssystemet i Oslo funne, og blei retta med ein gong laurdag kveld.

– Feilen er løyst. Det var ein feil som viste seg å vere relativt enkel å rette. Vi testar no løysinga her frå departementet slik at Oslo kommune kan køyre systemet sitt seinare i kveld, seier departementsråd Eivind Dale til avisa.

– Navarsete må rydde opp

Liv Signe Navarsete

TA DET MED RO: Liv Signe Navarsete ber Stang om å ta det med ro og stole på at alt går greitt på valdagen.

Foto: Berit Roald / NTB - Scanpix

I sommar blei det oppdaga ein feil i teljesystemet, på grunn av problem med det nye valopptellingssystemet. Den gong gjekk Stang hardt ut mot kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp), og ho får også gjennomgå denne gongen:

– Navarsete lovde meg nærast personleg at ho skulle ordne opp i dette i sommar, men no er det full krise i stemmesystemet, seier Stang.

– Eg skjønar ikkje at Liv Signe Navarsete (Sp) har tid til å vere med i partileiardebatten. Ho burde vere i departementet og rydda opp i dette, legg han til.

– Fabian Stang dramatiserer

Navarsete seier til NRK at feilen var ubetydeleg, den er retta, og at Fabian Stang dramatiserer.

– Feilen er oppdaga og oppretta, så det blir ingen problem i morgon. Fabian Stang har dramatisert dette, og det får vere opp til han. Feilen er retta opp og det er det viktigaste, seier Navarsete.

Ho legg til at det er forståeleg at Stang er på vakt for feil når det er så nært opp mot valdagen.

– Stang opplever sikkert dette som veldig dramatisk, han skal gjennomføre eit val og det har eg stor respekt for, for det er krevjande i ein så stor by som Oslo, seier Navarsete.

Feilen i dag skal ha vore i ein dataoverføringsfeil på grunn av at Oslo både er kommune og fylkeskommune.

Ifølgje departementsråd Dale er alt under kontroll.

– Om testen vi køyrer no går bra, kan Oslo ta i bruk systemet sitt igjen seinare i kveld. Vi meiner vi har kontroll på situasjonen no, seier Dale.

– Skremmande

Ifølgje Stang er det for seint å gjennomføre testar berre timar før vallokala opnar.

– Det er skremmande at ein køyrer testar på eit så viktig system siste veka før valet, det skulle vore gjort for eitt år sidan, seier han.

Han håpar departementet held det dei lovar.

– Eg kryssar fingrane, men eg skulle gjerne ha sleppt uvissa som kunne vore unngått ved god planlegging, seier Stang.

Liv Signe Navarsete avdramatiserer og meiner det var positivt at feilen kom i dag og ikkje i morgon.

– Vi køyrer testar heile vegen, og at det kom ein feil i dag er bra, for då kjem den ikkje i morgon, slår Navarsete fast.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.