Hopp til innhold

750 000 veljarar har ikkje bestemt seg endå

Fem dagar før valet er det framleis mange hundre tusen veljarar som ikkje veit kven dei skal gje stemma si til. – Slik var det ikkje før, seier valforskar Rune Karlsen ved Universitetet i Oslo.

Valglokale

Så mange som 11 prosent av veljarane ventar heilt til valdagen med å bestemma seg for kva parti dei skal gå for.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Det er ingen grunn for partia til å slappa av i innspurten fram mot valdagen. Den siste meiningsmålinga Norstat har gjort for NRK syner nemleg at kvar fjerde veljar framleis er i tvil om kven dei skal røysta på.

Rune Karlsen ved UiO

– Dei som framleis er i tvil vaklar mellom to eller tre parti, seier Rune Karlsen.

Foto: Pressebilde

– Dei som ikkje har bestemt seg, liknar i stor grad på alle oss andre, men i gjennomsnitt er dei litt yngre enn dei som bestemmer seg før valkampen tek til, seier forskar Rune Karlsen, ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

Nye mønster

Forskaren fortel at det tidlegare var meir opplagt kven som skulle få stemma di.

– Det var sterk samanheng mellom kven du var og kva du røysta på. Arbeidarar røysta på Arbeidarpartiet, folk i embetsverket røysta på Høgre og bønder på Bondepartiet (seinare Senterpartiet.) Men dei store endringane i samfunnet har gjort koplinga mellom parti og veljarar svakare, fortel valforskaren.

Utdanningsrevolusjonen har ført til massiv sosial mobilitet, i tillegg har både sekulariseringsprosessar og urbaniseringsprosessar spela inn.

To eller tre alternativ

– Når folk seier dei ikkje har bestemt seg betyr ikkje det at det står mellom åtte parti, fortel valforskaren.

Valundersøkjingane, som har vore gjennomført ved kvart norske val sidan 1960-talet, viser at dei fleste av sisteliten-veljarane vaklar mellom to eller tre parti, og så brukar dei valkampen til å få informasjon om alternativa og bestemma seg.

Thale Lund Ness

Thale Lund Ness er ikkje heilt sikker på kva for parti ho skal gå for.

Foto: Ellen Viseth / NRK

Ei av dei mange som framleis er i tvil er 18 år gamle Thale Lund Ness som NRK møter når det er skuleval på Oslo katedralskole.

– Eigentleg er dette litt vanskeleg. Eg har tenkt på eit parti eg skal røysta på, men er ikkje sikker. Eg skal nok tenkja meg om éin gong til før eg stemmer ved det verkelege valet.

Ness går i 3. klasse og gler seg til å røysta for første gong.

– Det er spennande å ha høve til å påverka. Eg har sett fram til å bli gammal nok til å kunna stemma. Så er det jo flaks at det er Stortingsval akkurat det året vi fyller 18, seier ho.

– Kva har du gjort for å koma fram tilkva for eit parti du vil røysta på?

– Eg har følgt med på debattar, lest partiprogram og teke valgomatar på nettet.

– Kan du avsløre kva du stemmer ved skulevalet?

– Nei, det er hemmeleg val!

Mange landar på Venstre

Venstre er det partiet som har fått mest draghjelp av sisteliten-veljarane ved dei siste Stortingsvala. I 2009 var det 65 prosent av venstre sine veljarar som bestemte seg i løpet av valkampen. Fire år tidlegare var det heile 85 prosent som brukte dei siste fire vekene før valet til å bestemma seg for partiet.

Informasjonssjef i Venstre, Steinar Haugsvær, satsar på å vera tydeleg i innspurten inn mot valet.

– Vi jobbar for å få ut så god informasjon som mogleg. Og det er lettare no enn før når dei fleste har tilgang på internett. Eg trur mange heilt til det siste sjekkar opp nettsida vår: kva var det no Venstre stod for igjen? Då er det viktig å formulere tydelege overskrifter. Miljø og skulepolitikk er no det aller viktigaste for oss, og det må vera heilt klart, seier Haugsvær.

Ventar til siste sekund

Valundersøkjingane ved dei siste vala syner at så mange som 11 prosent av veljarane ventar heilt til valdagen med å bestemma seg for kva parti dei skal gå for.

I underkant av 300 000 veljarar hoppar ikkje ned frå gjerdet før dei går inn i stemmeboksen. Det er så mange at om dei alle hadde stemt på same parti hadde det påverka valresultatet.

Dette og mykje meir kan du høyre i P2 si valsending i dag.

Høyr sendinga direkte her.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.