Nylig spilt:
-
.

Jondal

Gløym gangsta rap! Gløym bling, bling...Dette er noko heilt anna...Dette er HARDINGRAP!

Alt frå fjortisar til bestemødre står og nikkar nakkar til Reflector sin musikk. Ganske unormalt når det gjeld hip- hop…eller er dette hip- hop? Sikkert ikkje viss du spør ein frå undergrunnsmiljøet…Men Reflector har laga sin eigen stil kalla Hardingrap. Ved å bruka lokal dialekt frå Jondal har Reflector synt at det ikkje berre er folkemusikk, sider og vakre fjordar og fjell som finst i Hardanger!

I slutten av 2004 fann Reflector ut at det er jo heilt unormalt å laga rap på Harding dialekt. DIFOR gjorde han det, og la planane om engelskspråkleg rap på hylla. Heile greia var eigentleg meint som ein spøk, men etter kvart vart det meir seriøst. Vel... ikkje meir enn at det vert utført med sterk sjølvironi og glimt i auga!
Våren 2008 vart Reflector Band etablert og består av:

Øyvind Sollesnes- Rap, vokal, dj

Guro Flatabø Joakimsen- Vokal

Svein Olav Espeland- Gitar

Anders Tuvin- Bass (ny bassist våren 2010)

Lars Håvard Birkenes- Slagverk
Hausten 2008 starta arbeidet med Hardingrap- EP og den vart sleppt 28. november same året. Dette er resultatet av målretta arbeid mot noko som ein gong begynte som ein spøk...

På plate ligg Reflector i landskapet mellom hip- hop og pop, mens live saman med bandet har ein satsa på eit litt anna lydbilete der ein er innom både reggae, hip- hop og rock.

Fredag 15. april sleppte Reflector sin aller siste song kalla "Siste Vers"

  • 5 fans
  • 31 gjestebokinnlegg
  • 6444 lytt • 3785 last

Nyeste innslag i bloggen

rss
FREDAG, 15 APRIL, 2011

Siste Vers er på nett!

Hei folkens! Då er den aller siste songen til Reflector som enkelt og greit er kalla for "Siste Vers" lagt ut her på Urørt for gratis nedlasting. Guro er med og bidreg på denne songen som er produsert av Ansane Beats i Canada og pre-produsert og innspelt av Alvin Vestrheim i Lyd i Løo Studio. Håpar at de vil lasta den ned og at de likar den! Som tidlegare annonsert så legg Hardingrapparen Reflector opp "karriera" no. Sidan den spede start i 2004 har det vore ei utruleg reise og eg har fått oppleva mykje, mykje meir enn eg hadde drøymt om då eg starta med å rappa på Jondaldialekt- noko som i fyrste omhang var meint som spøk- men som utvikla seg til å verta noko meir ut av! Tusen takk til alle eg har samarbeida med: Bjørn Otto i Wallcon Lydstudio i Ålvik, Haakon og Stian i Hyperklikk Vokalstudio i Fyllingsdalen, Alvin i Lyd i Løo Studio i Øystese, rapparen Andreas aka Delario. Bandet mitt: Svein Olav, Anders, Lars Håvard og Guro + Sigmund som takka av som bassist i begynnelsen av fjoråret og Arild B. Nielsen som var med som gjesteartist på trompet på ein magisk konsert i Jondal i fjor sommar. Tusen takk til alle arrangørane som har latt Reflector og etterkvart bandet få sleppa til på både små og store scener. Sist men ikkje minst: Tuuuusen takk til fansen som har støtta meg og gjort dette mogleg!!! Eg set uendeleg stor pris på dykk. Og til alle andre som eg har gløymt: Mange tusen gonger takk til dykk og! Med beste helsing frå Reflectoren
Posta av REFLECTR klokka 09:44 0 Kommentarer 

Se alle innlegg i bloggen

Bilder

Flyer

Her kan du legge inn hva du vil

Video

Her kan du legge inn dine videoer fra YouTube et al

Gjestebok

Legg igjen en kommentar

Kommenter

...
Hent flere kommentarer

Konserter

Vis alle

Låter


Legg alle låtene til spilleliste

Kommentarer på låter

Vis alle
tjs kommenterte Min Stil (Produced by Ozone Beats)

Kjempebra! Fantastisk tekst og bra stemme. Blir i godt humør av denne låta!!

Andre prosjekter

Lukk Vindu Rediger miksteipen
Velg bruker eller band

Vent litt... Velg miksteip
Legg til låt