Historien om McDolly
McDolly såg dagens lys vinteren 1998 då fire kameratar (i slutten av tenåra) frå Samnanger var dritlei av å spele dansbar musikk ”på lokalet”. Dei ville spele musikk dei sjølve likte og starta såleis med å covre favorittbanda som då var m.a. Rancid, Green Day, NOFX osv. Etter kvart som samspelet byrja å verte bra så byrja bandet å skrive eigna songar også. Sjølv om songane til McDolly vart meir vaksne med åra har dei aldri vore spesielt verken politiske eller seriøse. Kanskje heller direkte useriøse og på grensa til perverse vil enkelte hevde. Det viste seg også etter kvart at bygdeungdommen var sugne på litt anna musikk enn Smokie og Creedence, så McDolly har spela rockemusikk i mangt eit samfunnshus ute i distrikta. Når ein no seier rockemusikk så er det ikkje heilt tilfeldig. Tidlegare vart gjerne McDolly sin musikk satt i pop-punk-sjangeren, men etter kvart som dette har vorte ein svært belasta sjanger (tåpelege kjærleikssongar, sminke, emosveis og hang til Jackass) så har bandet føretrekt å kategoriserast som rock (eventuelt punk-rock).
-
Våren 2000 tok gutane turen til storbyen Bergen for å delta på Eggstockfestivalen. Her sopa dei like godt med seg både førsteplassen og publikumsprisen. Premien som mellom anna var eit par dagar i Shimmer Studio vart stort sett sosa vekk i halvferdige tekstar og generelt dårleg humor. Vidare utover byrjinga av det nye årtusenet spela McDolly over store delar av Noreg til stor begeistring for tilhøyrarane. Dei ”ordentlege” punkarane satte aldri heilt stor pris på tøysebandet McDolly; sidan dei aldri var politiske eller hadde spesielt hat til ”snuten”, ”samfunnet” eller ”dei med makta”, men i svake øyeblikk med større mengdar alkohol med i biletet HAR faktisk enkelte av dei ustelte folka med hanekam innrømt at ”jo, jeg liker egentlig McDolly men ikke si det til noen”. Snakk om dobbeltmoral… hehe.
-
Våren 2003 pakka bandet varebilen og reiste på turne nedover i Europa saman med Jef og goldenboy. Her var dei hardbarka punkarane generelt meir positiv til bandet frå den norske landsbygda; det kan ha hatt ein samanheng med at goldenboy var langt snillare slik at dei måtte ta støyten. Det kan også ha hatt ein samanheng med at heile bandet fekk halsbetennelse slik at det vokalt sett vart svært autentisk punkete knurring. ”Klubbane” som banda spela på varierte stort, og gutane vart fort vaksne i løpet av denne turen. Alt frå ok klubbar med bra PA og gratis pils til mindre kneiper på den polske landsbygda med 1 pils/pers og eit stereoanlegg som PA. Ein av medlemmane sitt forsøk på å drepe halsbetennelsen med ei halv flaske whisky og nærare 20 Becks på kjøreturen mellom Hamburg og Poznan eller squat-en i Hamburg der dei vart vitne til god gamaldags ”juling-med-knyttnevar-og-naglar” er episodar frå denne turen som har brent seg fast i dei tidlegare ubesudla gutekroppane.
-
Januar 2004 spela McDolly sin ”siste” konsert. Nokon var opptekne med andre band, nokon hadde hyppig omgang med reseptbelagde legemiddel, medan andre rett og slett var litt lei.
-
I 2007 børsta gutane støvet av gitarane og øvd hyppig. Anledninga var Samnanger Kommune sitt 100-årsjubileum der McDolly leverte ein super konsert. Allsongen stod i taket på til dømes ”Get on your knees”, som også var ein av slagarane frå Eggstocken i 2000. Alt tydar på at dei no godt vaksne karane vil halde fram med spelinga til tross for at dei no kan kategoriserast som gamle grisar når dei syng dei småperverse gamle visene. No gjenstår det berre å sjå om dei vil byrje å lage vaksenpop eller om dei held fram med det pubertale og useriøse…
-
McDolly er:
Mcjostein - gitar og vokal
Mcmanuel - trommer
Mckarsten - vokal og gitar
McRune - bass
McHolger - gitar