Av Maria Olivia Rivedal


Vi er på oppløpsida av Urørtfinalen 2009 og heile P3 setter fokus på våre ti strålande finalistar. Alle skal få speletid på kanalen, heile C-lista ryddar plass slik at du skal bli godt kjent med årets nominerte.


Sjekk ut finalistane her

Du kan også stemme via SMS: U (nummer på finalist) til 1987.


Alle låtane blir då å høyre på P3 to til tre gangar dagen.

Urørt har allereie fått på plass ein hardtslåande jury bestsåande av Håkon Moslet, Christer Falck, Sigrid Hvidsten frå Dagbladet og Thomas Seltzer frå Turboneger.

Christer Falck meiner Urørt i år har plukka ut gode finalistar og han gler seg til å endeleg ha litt makt.

- Eg er vand med å bli tråkka på nede i søla, så det blir deilig å ha litt makt for ein gangs skuld.

Les meir: om juryen her

Fleire overraskelsar

Lydverkets Ingerid Stenvold skal vere kveldens vert under finaleshowet. I tillegg kan vi love deg fleire overraskelsar og avsløringar, så det er berre å følge med her på Urørt.