Først vil eg takke alle som har lasta meg ned. Eg er stolt at over 100 stykk har min låt på pc`en sin.
Eg spelar på gitaren stort sett når eg er åleine. Det hender gode vener eller sambuaren min ikkje har noko valg, anna enn å høyre på...eller gå inn i eit anna rom!
Opptakten til dei tre slåttene på mp3, begynte med at eg tenkte på jula. Eg trengte ein orginal og billig julegave til familie og venner. Eg ringte Bjørnar på Nestås i Granvin, og lurte på kva han skulle ha for å spele inn et par låter i studioet hans. Etter to ganger i studioet på tilsammen fire timer, hadde eg julegaver og ein grovkopi av ein demo. Og that`s it!
Eg hadde ein plan om å spele inn fleire gitarspor, men det ser ut til å koke bort i kålen!
Ei veninne (som fekk plata i julepresang), ringte over nytt år og babla om at typen hennars har ein kompis som driv og lager ein naturfilm frå hardanger. Typen hadde hørt plata, fortalt om den til filmfyren og bladi-bladi, ville dei visstnok bruke ein låt på filmen. Ho lurte på kva eg skulle ha for det. Vel, kva skal ein ha for slikt? Gjere det gratis, eller dekke studiotida? Ha royalities til filmen og bladi-bladi?
Har ikkje hørt ein dritt siden..., men det var kos å bli spurt då!