Postet: MANDAG, 24 NOVEMBER, 2008
Tyyl! nominert til Luttprisen 2008
Her kan du stemma kvar dag fram til 8. desember!
Posta av Tyylrock klokka 10:55
Postet: SØNDAG, 14 SEPTEMBER, 2008
På jarnvegen 08
Tyyl! er stolte av å presentera haustens store Atterava-turné. Bandet avsluttar eit strålande år med å spela fire konsertar austaføre - to i Ås og to i Oslo.
Første dato er 10. oktober. Då er arenaen Funhouse i hovudstaden, og Tyyl! deler scene med popsensasjonen The Generous Days. Laurdag 11. oktober flyttar dei same orkestra utstyr og crew med toget til Ås for å laurdagsrocka UKA. Påfølgande helg aukar me publikumskapasiteten og kjem attende til Ås med eit heidundrande show i AudMax. Turnéen vert avslutta på Garage 20. november. Då deler me scene med Canoon, Tim Fancy, The Days og Bombeklüchter. Denne festen kan du ikkje gå glipp av! 20. november på Garage, altså - OsloFres.
Me har hatt ein særs inspirert og produktiv seinsommar og gler oss stort til å synga nye og gamle songar saman med dykk!
- TYYL! -
Posta av Tyylrock klokka 20:04
Postet: SØNDAG, 14 SEPTEMBER, 2008
Tyyl! i festivalvideo
Tyyl!-låta Djevelen er lydspor i ein ny video frå sommarens Fres Festival. Den lekre videosnutten, laga av Morten Vernegg, kan nytast her.
Posta av Tyylrock klokka 19:38