Nylig spilt:
-
.
  • 0 gjestebokinnlegg
  • 0 lytt • 0 last
Blogg


Postet: LØRDAG, 11 APRIL, 2009

Sound of silence...

Det er blitt lenge sidan sist eg skreiv her no, men no har eg litt å skriva om.
Fyrst og framst er eg no komen i lokalavisa, Bygdanytt, saman med den eksellente hardingfelespelaren Brage, då me framførte nok ein folkmetall-instrumental på musikkskulen sin årlege vårkonsert. Dette året med hardingfele, og namnet på songen er "Lindisfarne." Bygdanytt har her gjort eit par små blundrar og skrive at me heiter "Lindesfarne," men dette er altså ikkje heilt korrekt. Instrumentalen skal snart lastast opp på Urørt under Forn Fræði-prosjektet (som forresten treng eit meir søkbart namn - forslag takast gjerne imot), og eg planleggjer å leggja ut eit videoklipp av framføringa av songen, på YouTube. No berre håpar eg at dette dukkar opp om nokon googlar Lindesfarne, og så skjønar sikkert folk greia.

Dei som har litt kunnskap og legg saman to og to med tanke på overskrifta, skjønar sikkert kva eg høyrer på for tida. Til metallhovud å vera, tykkjer eg Simon & Garfunkel var rimeleg geniale. Vokalharmoniar har no fått meg til å tenkja i lange baner, og produksjonen av det som no blir den fyrste Landsverk-plata tek nok eit steg framover. No har me seks spor, fleire kjem, og me får teke materialet opp med mikrofon og ljodkort. FRAMHALD!
Posta av Skarphedinn klokka 16:19 0 Kommentarer 



Postet: ONSDAG, 14 JANUAR, 2009

Endeleg!

No er endeleg opptaket av folk metal-songen "1008" ferdig miksa og mastra. Songen er lasta opp her, på Forn Fræði-sida, så dei som vil kan høyra. Gje gjerne tilbakemeldingar, og gjerne konstruktiv kritikk.

På Landsverk-fronten er opptaka av vår fyrste demo godt i gong, og songar vil bli lasta opp her så snart dei er ferdige.
Følg med!
Posta av Skarphedinn klokka 23:01 0 Kommentarer 



Postet: SØNDAG, 04 JANUAR, 2009

Eit musikalsk godt nytt år til alle saman!

Det er forunderleg kor mange som har vitja denne profilen, eigentleg, i laupet av dei siste månadane. Til alle dykk som les dette ynskjer eg dykk eit godt nytt år (eigentleg fem dagar for seint), og skriv samstundes litt om den musikalske stoda so langt:

Landsverk går betre enn nokon sinne, og den fyrste nokonlunde seriøse songen vår (som passande nok heiter Songen Vår) er so å seia ferdiginnspelt og klår til miksing og opplasting. Andre songar er som alltid undervegs, men dei kjem ikkje før dei kjem. Eller før me gidd, som det òg heiter...

Forn Fræði er òg på stigen framover, men den fordømrade siste miksinga ser det aldri ut til å bli noko av. Nærare avtaling kring det emnet forventast i laupet av morgondagen, og fleire oppdateringar kjem snarleg.
Posta av Skarphedinn klokka 22:39 0 Kommentarer 



Postet: ONSDAG, 05 NOVEMBER, 2008

Framgang, til slutt!

No har eg fenge meg lydkort, den fyrste Forn Fræði-songen er snart ferdig (på miksestadiet! Jehu!), og eg har lagt opp opptaksplanar for tre andre songar. Uheldigvis er berre ein av dei skriven ferdig, men slike detaljar drit eg i. Lydkortet er eit M-Audio MobilePre USB, og det fungerar strålande til no. Det triggar VST-instrumenta mine feilfritt, det gjev klårare lyd enn eg har opplevd med eit lydkort før (kanhende bortsett frå M-boksane), men så sei ikkje det så grådig mykje eigentleg. Det funkar, i alle fall. Den fyrste Forn Fræði-songen, ein fireminutters instrumental kalla "1008," er veldig, veldig snart ferdig. Det har teke heile sumaren og hausten (i tretimarsøkter med mellomrom på fleire veker), men den er endeleg klår. Folkemelodiar, vakre stemmer, flotte synthorkester, rå metalgitarar, og eit sinnsvakt trommearbeid er nokre nøkkelord. Heilt rått. Meir kjem, veldig snart!
Posta av Skarphedinn klokka 19:49 0 Kommentarer 



Postet: MANDAG, 01 SEPTEMBER, 2008

Musikkens framgong.

Ja, eg trur dette vert ein blogg eg kjem til å skriva ein del i, ettersom musikk er det som opptek tida mi mest, etter skule. Eg har i den siste tida høyrd usedvanleg mykje på death- og black metal (dog veldig melodisk, som i hovudsak vil seie Wintersun, og noko Keep Of Kalessin), og eg har *host* anskaffa meg eit tilnerma fantastisk program: Garritan Personal Orchestra. Har du tilgjengeleg eit MIDI-keyboard og eit bra lydkort som minskar latency, kan du no programmera eit heilt symfoniorkester inkludert både strykarar og blåsarar og pauker og ditten og datten, og det lèt utruleg bra! ( http://www.youtube.com/watch?v=lONTObO0HFg )

Ellers, går det framover med min eigen musikkproduksjon. Eg har no endå fleire halvferdige låtar, og byrjar faktisk å tenkje på å gjere ferdig nokre av dei. Me får sjå. Det vert nok ferdig ein gong, i alle fall. Nett no er eg mest fokusert på å få laga ein demo av ein tungmetal-versjon av Nordmannen som inkluderar ein del folkeinstrument, eit symfoniorkester (GPO, som de sikkert skjøna), og eit mannskor som eg står for sjølve. Det vert spanande å høyre korleis den vert til slutt.

På punk-fronten har me ein ny song eigenhendig komponert av meg som berre treng noko kyrkjeorgel på seg, så er den ferdig. Evil punk, veit du. Og så har me nokre andre idèar hengande i lause lufta, mellom anna ein ballade om å vera utstøytt i samfunnet.

Ellers, nok ein gong, er det vel ikkje stort meir å skriva om, så eg skriv litt til berre på faen. Eg har no sett opp heile "studioet" mitt med eitt MIDI-keyboard, ein synth/Midi-keyboard, eitt stereoanlegg, ein gitarforsterkar, fire gitarar, og ein mikrofon. Eg må få tak i eit bra lydkort rimeleg kjapt, tykkjer eg. Det eg har i dataen no syg så hardt at det er knapt det går an å spele inn med det. Eg lurar på om eg bør skaffa meg eit slikt hendig M-audio USB-lydkort til rundt 1500. Mykje bra for pengane. Ein ting veit eg: eg skal ikkje ha M-box og ProTools. Berre fisegreier. Eg har prøvd det 4-5 gongar og er allereie rimeleg lei av det.

No gidd eg ikkje skriva meir.
Posta av Skarphedinn klokka 20:45 0 Kommentarer 



Postet: TIRSDAG, 17 JUNI, 2008

Ånnlain, beibi!

Då har denne godaste fyren endeleg teke til vitet og laga seg ein Urørt-profil. Det er mange grunnar til dette ytterst mystiske fenomenet, men det er nok fyrst og framst at eg har sysla med tanken i mange år. Ein annan grunn, er at eg i den siste tida (med praktisk talt ingen lekser) har vore ekstremt produktiv, musikalsk sett. Eg har eit folkmetal-prosjekt gåande der den fyrste songen nermar seg ferdigstilling, eg er med i eit halvseriøst rølperock-punk-prosjekt som har fleire songar nokonlunde ferdige, og eg lagar lydskisser til låtar i fleng. Og som om ikkje det skulle vore nok, så har eg blitt invitert til studio i løpet av sumaren av den godaste Gunnar frå Tøysemusikk by Gunnar og Modne Kvinner, som snart skal spela inn nok ein herleg morolåt for folket. Med det sei eg SLAIHOI og god sumar til alle dei stakkarane som verkeleg gadd lese dette.
Posta av Skarphedinn klokka 23:20 0 Kommentarer 



Lukk Vindu Rediger miksteipen
Velg bruker eller band

Vent litt... Velg miksteip
Legg til låt