Postet: FREDAG, 28 JANUAR, 2011
fivrel ep til sals no!
hei! no er fivrel ep å få kjøpt for trivelege 100 kroner (med frakt) på fivrel.com! for å bestille trykkjer du på «buy», så knappen der det står «buy now», så hjelper paypal deg med resten. du treng ikkje paypal-konto for å kjøpe og eg sender ut etter kvart som bestillingane kjem inn. plata har sju låtar og alle omslagsbileta er tekne av mariell øyre.
ha ein fin dag!
Posta av Josteinaf klokka 16:31
Postet: MANDAG, 20 DESEMBER, 2010
konkurranse; vinn fivrel ep!
hei, no er fivrel-plata komme og du kan få eit gratis eksemplar før alle andre viss du går inn på facebook-sida, inviterer vennene dine og skriv i kommentarfeltet kor mange du har invitert! dei tre som inviterer flest får plate! plata blir lagt ut for sal i januar :)
http://www.facebook.com/#!/pages/Fivrel/129867570393003
Posta av Josteinaf klokka 19:22
Postet: FREDAG, 01 OKTOBER, 2010
stig!
hei! no ligg den nye låten «stig!» ute! eg håpar de kan kose dykk med den i desse to myrkaste haustmånadene, og kanskje månadene etter òg. jenta de høyrer på slutten heiter heidi og pratar på telefon med besteveninna si om gutar og å ligge i sengi og høyre på musikk saman.
Posta av Josteinaf klokka 16:28
Postet: LØRDAG, 25 SEPTEMBER, 2010
ny låt og last.fm
i dag vil eg dele to ting:
1: fivrel har fått profil på last.fm, der kan de få avslørt nokre av dei mest notoriske lyttarane, høyre på låtane og dessutan rope i ropeboks! http://www.last.fm/music/fivrel
2: oktober og november er tunge månader for mange, med gråkalde morgonar, tjukke, store klede og iskaldt når ein går ut av dusjen. for meg handlar desse månadene aller mest om a) bollar, b) kakao, c) solbærtoddy, d) ullpledd, e) å tulle dyna rundt føtene på kjærasten din og e) masse unnskyldningar for å gje store klemmar. så i lys av det kjem eg til å gje dykk ein ny låt, «stig!», på fyrste oktober, som eg håpar kan oppmuntre nokon i desse to månadene før desember kjem og alt blir kos. den inneheld sånt som: 1x pianosample spela baklengs, 2x pianosamples spela oppå kvarandre i ulike toneart og tempo, 1x hordalending som pratar med besteveninna si om gutar og å ligge i senga og høyre på litt musikk når ho kjem heimatt, 1x melodi du ikkje kan høyre dei tre fyrste tonane av, men dei er der, eg lovar.
ok, skriv i gjesteboki eller kommenter viss de lurer på noko eller ynskjer å formidle noko anna til meg!
Posta av Josteinaf klokka 17:36