Hildarting (eller Hildarthingr) er norrønt og tyder "slagmark." Målet med prosjektet er at svunne soger skal gjevast nye liv i ei blanding av tung, mørk (og til tider ein smule ekstrem) metal, lassevis av folkeinstrument som bouzouki og hardingfele, og ei mengde mannskor og mektige orkestreringar. Atmosfærisk og til tider både brutalt, vakkert, og lystig på ein gong. Hildarting har per i dag berre eitt fast medlem, Skarphedinn, men det er bidrag frå mange forskjellige folk i opptaka som ligg her.