Eit komplekst poporkester.
Love:Fi har alltid eit sterkt felles driv mot å nå frysningsfaktoren. På vegen dit tek bandet flittig i bruk elektronikk, processerte lyder både av bass, gitar, trompet og vokal. Dei sluttar aldri å overraske. Over dette landskapet ruver Hanne Kolstø si ærlege og upolerte stemme som ein vegvisar til høgdepunkt som ikkje reint sjeldan frir til lyttaren sin augekrok.
I løpet av sine mange leveår har Love: Fi markert seg som eit meget spanande liveband. Dei har gjesta festivalar og scener rundt om i heile Norge i tillegg til South By Southwest, Austin. Deu har bl.a fått pris for beste soundtrack under Internasjonal Freeskiing Festival i Montreal 07, etter å ha stått for tittellåta til skifilmen "Stop, go, stop" produsert av filmselskapet Heute AS.
Våren 2009 slepp Love:Fi sitt debutalbum "18", produsert av Morten Martens og Love:Fi. Av referanser kan ein nevne band som Mew, Radiohead, Sigur Ros og NIN.
HANNE KOLSTØ (vokal, effekter, el. gitar)
HALDOR RØYNE (el. gitar)
GUNNAR SÆTER (trommer)
MORTEN MARTENS ØVENSEN (bass, synth bass)
EIRIK DØRSDAL (trompet, samples, effekter)
www.myspace.com/lovefi