Anne Lene Hägglund er ute med sitt andre album på nyåret. Den forrige plata “Bird Cherry Grove” vart godt motteke av kritikarar, og viste ein debutant med eit stort musikalsk potensiale. I løpet av prosessen med oppfølgjaren har Anne Lene Hägglund arbeidd tett med musikarane i bandet sitt, og produsent Sjur Lyseid (Monzano og Little hands of asphalt) og utvikla eit heilstøypt lydbilete der musikk og tekst følgjer kvarandre inn i ei verd som er vakker og nær, medan du sakte nærmar deg det dystre lanskapet ho vil du skal sjå.