Skjærefesten var ein revy som blei spela kvar skjærtorsdag frå 1995 til 2004 (bortsett frå 2003). Ein gong selde me alle 150 billettane på 25 minuttar. Då kunne det verka som om me var populære. Mange av mine songar vart spela på skjærefesten, og nokre vart også til med tanke på denne. Skjæredesten sitt varemerke var blant anna god musikk spela av svært dyktige og habile lokalmusikarar. I Oktober 1996 spelte eg inn to låtar saman med ein del av denne gjengen i eit portabelt studio i Uggdal i samband med Tysnesplata "seila heim. I April 2000 reiste me til Harald Dyb sitt studio på Sotra og gjorde CDèn "Kor hen du snur deg", som eg svidde ut heime på CD-brennaren min.