Laura Hernandez

Laura Hernandez var truga på livet, slapp inn i Norge med falskt pass.

Foto: Helge Tvedten / NRK

Kom til Norge på falskt pass – slapp så vidt unna døden

Ei lita kvinne hadde hatt den verste jobben: Nonna Laura samla inn lika etter dødsskvadronane sine herjingar. Da ho sjølv hamna på dødslista, måtte ho flykte.

Alle historiene om flyktningar som nå kjem til Norge med falske dokument, får henne til å minnast den iskalde vinterdagen da ho sjølv kom til landet etter fleire år på farefull flukt.

El Salvador var datidas Syria, ein brutal borgarkrig som særmerkte seg ved målretta angrep mot sivile.

Dei mange drapa var ofte utført av halvmilitære dødsskvadronar som også publiserte lister over dei som sto for tur.

Da Laura Hernandez fann sitt eige namn på lista, fekk ho hjelp av kyrkja til å få ny identitet. Ein kald vinterdag kom Laura Hernandez til Norge med falskt pass.

Hugsa ikkje namnet sitt

Sine falske papir har ho tatt vare på. Eit heilt anna namn enn Laura står i det gamle velbrukte passet. Dødsskvadronane var etter henne, og ei periode brukte ho mange forskjellige namn.

Laura Hernandez falskt pass

Laura Hernandez brukte mange forskjellige namn og dette falske passet.

Foto: Helge Tvedten / NRK

Da Laura sto i passkontrollen på flyplassen i Oslo hugsa ho nesten ikkje kva namn ho skulle bruke. Lenge hadde ho brukt namnet Gloria, i passet sto det verken Laura eller Gloria.

– Du har falskt pass, sa mannen i passkontrollen.

– Nei, dette er passet mitt nå, svarte Laura.

Det var på ein måte sant. Passet hadde fått henne velberga gjennom Mexico og USA. Politiet let henne likevel få innreise med det falske passet.

Og slik skulle det bli Norge som gav henne eit nytt liv.

Nå er det tretti år sidan. Laura skaffa seg utdanning som sjukepleiar, og ho er ikkje lenger nonne, men sambuar med Sverre.

– Min jobb var å plukke opp lika

Ingen av pasientane hennar på Ullevål fekk vite om det modige arbeidet ho hadde gjort, kor mykje den vesle kvinna hadde risikert.

I mange år ville ikkje Laura snakke om den krigen ho hadde stått midt oppe i, og som gjekk så hardt ut over kvinner, barn og menneskerettsforkjemparar.

Erkebiskop Romero

Erkebiskop Oscar Romero var Lauras arbeidsgjevar. Han blei skoten i 1980.

Foto: NELSON DUENAS / Afp

Blodbadet starta for alvor i 1980 da mannen ho arbeidde for blei drepen. Nonna Laura var nær medarbeidar med erkebiskop Oscar Romero. Dei siste tre åra han levde var han klar over at han kom til å bli drepen.

Han visste det var eit spørsmål om tid før dei regjeringsstøtta dødsskvadronane slo til. Etter at erkebiskopen blei myrda, blei dagane drastisk verre for Laura. Dagleg måtte ho ut og plukke opp maltrakterte lik.

Les meir: Erkebiskopen vart myrda då han skulle dele ut nattverd – no vert han helgen

Les meir: Valobservatør frå El Salvador lærer norsk lokaldemokrati

Å forsvinne var det verste

– Eg visste det var farleg. Eg var mest redd for å forsvinne, seier Laura i dag.

I stua si på Storo i Oslo har ho to bilde på stasplass, omgitt av roser og talglys. Det eine av erkebiskop Romero og det andre av Marianella Garcia Villas, kollegaen som dreiv det same farlege arbeidet med å hente inn og dokumentere dei drepne.

Marianella Garcia Villas

Marianella Garcia Villas arbeidde saman med Laura Hernandez, men blei drepen i 1983.

Foto: Sigrun Slapgard / NRK

Dei to kvinnene hadde ei gjensidig avtale: Om den eine blei drepen, skulle den overlevande identifisere den andre. Marianella var leiar for Menneskerettskommisjonen i El Salvador.

Alt på dette tidspunktet var det mange tusen forsvunne menneske, og det skulle bli titusenar før den tolv år lange krigen tok slutt i 1992.

Hemmeleg adresse

I 1983 var arbeidet blitt så farleg at dei begge var gått under jorda. Dei levde på hemmeleg adresse, og sov aldri i same seng to netter på rad.

Dei oppretta eit underkontor i Mexico, og tok seg inn og ut av El Salvador i løyndom og med falske namn, av og til forkledde med parykk og briller.

– Siste gong Marianella skulle inn og dokumentere bruken av napalm mot sivile, hadde ho prøvd å farge håret, fortel Laura.

Men fargen var blitt mislykka og ho klipte av seg mesteparten av håret.

Det skulle bli Laura som måtte ta den tunge og livsfarlege jobben med å identifisere Marianella. Ho hadde hamna i krysseld, blitt skoten i foten og tatt levande av regjeringsstyrkar.

Da hæren frigav liket, var det mishandla og gjennombora av kulehol. Laura sørga for gravferd, og frå da av blei det uråd å halde fram arbeidet inne i El Salvador.

– Alle rundt meg blei drepne

Berre flaks redda henne frå døden den gongen i Mellom-Amerika. Minst tre gonger var dødsskvadronane på døra hennar, og ho slapp unna fordi ho blei åtvara i siste liten.

Laura Hernandez

Laura Hernandez møtte NRKs reporter Sigrun Slapgard i Oslo etter mange år i teiing.

Foto: Helge Tvedten / NRK

– Ein engel må ha halde vakt over meg, seier Laura med si milde stemme.

– Alle rundt meg blei drepne. Halve familien min er borte, alle eg arbeidde saman med myrda.

Eit dødens drama som synest langt unna det fredelege livet ho nå lever, og det ser ut som ei gåte at denne spinkle kvinna kan ha utfordra så mykje død og vondskap.

Steller for Sverre på 102

Nå er det ei anna oppgåve som gir innhald i livet for den tidlegare nonna. Ho steller for sin norske sambuar gjennom meir enn tjuefem år.

Det lyser kjærleik av henne når ho spør om Sverre vil ha ein øl, eller kanskje eit speilegg?

Sverre skal straks fylle 102 år.

– Laura steller alt for godt med meg, derfor har eg blitt så utgammal, smiler Sverre.

– Eg skal halde det eg har lova. Eg skal følgje han fram til slutten, og han skal få vere her, seier Laura.

Takkar livet – og Norge

Laura ler mykje og syng ein song ho liker godt: «Eg vil takke livet», eller «Gracias a la Vida» som den heiter, når ho set på kassettspelaren med Mercedes Sosa.

– Eg har så mykje å takke for, og eg vil så gjerne gi noko tilbake, seier Laura.

Ho har planane klare for eit hjelpeprosjekt i heimlandet. Men først skal ho sørge for at dagane til Sverre blir gode.

Og i mellomtida tenner ho kvar dag lys for dei to andre viktige personane i livet sitt: Marianella og erkebiskop Romero, som snart blir helgenkåra.