FloraHolland

Blomstermarknaden FloraHolland i Aalsmeer er på storleik med fire fotballbaner, og ein av dei største i verda.

Foto: YVES HERMAN / Reuters

'Ndrangheta-mafiaen - ei historie om blomster og kokain

Ein italiensk mann har i over 20 år drive ei tilsynelatande lovleg verksemd som blomsterhandlar på den gigantiske blomstermarknaden Royal FloraHolland like utanfor Amsterdam. Ifølgje italiensk politi er han eit skuleeksempel på korleis 'Ndrangheta-mafiaen har ekspandert verksemda si til store delar av verda. Stikkordet er kokain.

Vincenzo Crupi vart arrestert under eit besøk i heimlandet Italia i september i fjor. Han har vore i fengsel sidan, og italiensk politi ser på han som ein hovudmann bak ei storstilt smugling av kokain og våpen til Italia.

Sjølv seier Crupi at han er ein vanleg blomsterhandlar, og at han ikkje har brote lova. Ingen av dei andre blomsterhandlarane på den gigantiske marknaden i Aalsmeer utanfor Amsterdam hadde mistanke om at Crupi og kompanjongen Vincenzo Macri dreiv med andre ting enn heilt vanleg handel med blomster.

Macri greidde å stikke av før han vart arrestert, og det er uklart kvar han oppheld seg.

Skuleeksempel

Vincenzo Crupi.

Vincenzo Crupi er mistenkt for å ha smugla store mengder kokain under dekke av å vere blomsterhandlar.

Foto: HANDOUT / Reuters

Akkurat, seier italiensk politi. Dei meiner Crupi og Macri er skuleeksempel på korleis 'Ndrangheta-mafiaen, som har basen sin på tåspissen av det italienske fastlandet, i det stille har bygd seg opp som den mektigaste og rikaste mafiagrupperinga i Italia.

Politiet meiner 'Ndrangheta har etablert seg i land etter land ved hjelp av tilsynelatande heilt lovleg næringsverksemd. I dag kontrollerer gruppa mesteparten av kokain-trafikken i Europa, og mykje blir ifølgje politiet gjort via lovlege selskap som ingen vil mistenkje for å drive med noko ulovleg.

'Ndrangheta er kjent for å ha den hardaste indre justisen blant mafiagruppene. Når ein veit om den ufattelege brutaliteten som blir brukt i organisasjonar som Cosa Nostra på Sicilia og Camorra i Napoli-området, så seier det mykje om valdsbruken internt i 'Ndrangheta.

Derfor er det også svært få avhopparar frå organisasjonen.

- Utsletta lokal 'Ndrangheta-klan

400 fotballbaner

La oss gå tilbake til dei to blomsterhandlarane Vincenzo Crupi og svogeren Vincenzo Macri på blomstermarknaden i Nederland. Dei fleste europeiske land er representerte på denne gigantiske marknaden, som er på storleik med 400 fotballbaner.

Vincenzo Macri.

Vincenzo Macri, sonen til ein kjend mafiagudfar, var også blomsterhandlar i Nederland.

Foto: HANDOUT / Reuters

Ingen reagerer på at ein italienar kjøper blomster her og sender vidare til heimlandet. Slik opererer blomsterhandlarar også frå andre europeiske land. Marknaden utanfor Amsterdam er faktisk ein av dei største i verda på kutta blomster.

Dei to italienarane budde i same gata i småbyen. Dei var tidleg oppe kvar einaste dag for å hente varer til den blomstrande forretninga, og ingen trudde dei var noko anna enn hardt arbeidande blomsterhandlarar.

Det var ingenting ved livsstilen deira som skulle tyde på at dei hadde meir pengar mellom hendene enn andre i same bransjen. Vel likte dei å vitje fine restaurantar for eit betre måltid, og dei reiste ofte til Italia, men det er det mange som gjer.

«Den siste kongen av Roma» avviser Mafia Capitale-skuldingar

Toppsjefen i 'Ndrangheta arrestert

– Køyrde ikkje Ferrari

Italiensk politi har likevel hatt ein mistanke. I samarbeid med dei nederlandske kollegaene sine har dei organisert ei omfattande avlytting av telefonen til dei to blomsterhandlarane. Dei er trygge på at opptaka er meir enn nok til få Crupi dømd for omfattande smugling av kokain og våpen.

Ein nederlandsk politimann, som deltek i etterforskinga, seier dette til nyheitsbyrået Reuters:

– Desse karane stod opp ved firetida på morgonen, og dei reiste rett til FloraHolland. Dei køyrde ikkje rundt i Ferrari eller hadde dyre klokker. Dei såg heilt vanlege ut, men det var dei verkeleg ikkje.

Korleis er det så mogleg å bruke handel med blomster som eit dekke for narkotikasmugling?

Blomstermarknaden Royal FloraHolland ligg altså i den vesle byen Aalsmeer utanfor Amsterdam. Det er kort veg både til Schiphol-flyplassen og til den største hamnebyen i Nederland, Rotterdam. Enorme mengder gods frå heile verda kjem hit dagleg.

Blomster på Royal FloraHolland.

Blomster på Royal FloraHolland. Blomstermarknaden her er ein av dei største i verda.

Foto: YVES HERMAN / Reuters

Dagleg til Italia

Hit kjem også store mengder blomster kvar dag, også frå Sør-Amerika. Dei to italienarane hadde gjennom selskapet Fresh BV også fleire store lastebilar, som i periodar køyrde blomster til Italia kvar dag.

Politiet meiner dei to har skjult kokain og andre smuglarvarer blant store mengder blomster. Dei er overtydde om at dei to har smugla kokain, våpen og andre ulovlege varer for enorme summar.

Reuters-journalisten Steve Scherer har sett litt på bakgrunnen til dei to blomsterhandlarane og svograne.

Det viser seg at Vincenzo Crupi vaks opp i den vesle byen Siderno, midt i kjerneområdet til 'Ndrangheta. Ein gong på 1990-talet, moglegvis før, flytta han til Nederland for å starte i blomsterbransjen. I 2002 kom svogeren Vincenzo Macri inn i forretninga.

Det var på 1980- og 1990-talet 'Ndrangheta gjekk frå å vere ein veslebror i den italienske mafiafamilien, til å ta steget inn i kokainbransjen for fullt. Frå utpressing, kidnapping og andre tradisjonelle mafiabrotsverk, til storstilt smugling av kokain frå Sør-Amerika til Europa.

«Dronningane frå Caltagirone» arresterte i antimafiaaksjon

Mafia-toppar tekne på senga i fjellbunker

siderno

– Eit levande bevis

'Ndrangheta skal bestå av i alt 160 ulike familieklanar. Alle har ein patriarkalsk oppbygning, og nokre klanar er mektigare enn andre. Både Crupi og Macri er i slekt med ein av dei mektigaste leiarane i det gamle 'Ndrangheta.

Det er Antonio «Onkel 'Ntoni» Macri. Den italienske dommaren Guido Marino sa ein gong at han var «eit levande bevis på den enorme makta til organisert kriminalitet».

Vincenzo Crupi er gift med dottera til denne mektige mannen, og Vincenzo Macri er sonen. Så det var neppe tilfeldig at italiensk politi fatta mistanke om at det ikkje berre var blomster dei to karane dreiv med i Nederland.

Det viste seg også at Vincenzo Crupi har sona ein dom for narkotikasmugling i USA. Det er uklart om Crupi er tidlegare straffa.

72 år gamle «Onkel 'Ntoni» vart skoten og drepen av ei rivaliserande gruppe i 1975. Dette starta ein blodig mafiakrig som kosta 233 menneske livet i løpet av ein treårsperiode. Andre kjelder seier at over 300 vart drepne i denne krigen.

5000 menneske møtte opp i gravferda til den mektige mafiasjefen i Siderno, ein by med færre enn 20.000 innbyggjarar. Han var ein mafiagudfar av den gamle skulen, og det var aldri tvil om at det var han som hadde den reelle makta i Siderno.

Sjokoladekuler frå Lidt og Sprungli.

Sjokoladekuler frå Lidt og Sprungli er også innanfor 'Ndrangheta sitt interesseområde, meiner politiet.

Foto: ARND WIEGMANN / Reuters

Sjokolade-kuppet

Kokain er i dag den viktigaste inntektskjelda til 'Ndrangheta-mafiaen, men elles driv organisasjonen med det meste det er mogleg å tene pengar på. Som for eksempel sjokolade.

I august 2014 vart lasteebilar fullasta med sjokoladekuler frå fabrikanten Lindt, Lindor Maxi Boule Latte, stolen frå ein godsterminal i nærleiken av den italienske byen Lodi. Politiet meiner det var snakk om 175 tonn sjokolade til ein verdi av 5 millionar euro, og dei skal ha funne eit parti av søtsakene i lokala til Fresh BV i Nederland.

Eit parti av sjokoladen vart sendt til Canada, og eit anna parti er lokalisert i Siderno. Crupi nektar for å ha noko med sjokoladen å gjere, men politiet meiner at transportnettverket hans er brukt til å distribuere tjuvegodset.

Dei italienske mafiagrupperingane internasjonalt.
Foto: Grafikk: Marco Vaglieri (NRK)

Det svake punktet

Vincenzo Macri er framleis på frifot, men Vincenzo Crupi har vore fengsla i heimlandet Italia sidan september i fjor. Den italienske påtalemakta håpar å kunne stille han, svogeren Macri og fleire andre for retten i løpet av 2016.

Det italienske antimafia-politiet SCO leitar heile tida etter det svake punktet til mistenkte mafiamedlemer. For 'Ndrangheta sin del blir det sagt å vere familie-samkomer. Det gjeld i første rekkje dåp, fødselsdagar, bryllaup og gravferder.

I februar i fjor fanga politiet opp at Macri og kona skulle til Italia for å feire eittårsdagen til ein nevø. Dei greidde å utstyre leigebilen hans med skjulte mikrofonar, og i løpet av bilturen hadde han minst ein telefonsamtale med ein kjent 'Ndrangheta-medlem.

I september kom han tilbake til Italia igjen. Denne gongen gjekk politiet til aksjon mot huset han budde i sør for Roma og arresterte han. Sidan har han vore fengsla.

– Ikkje kriminell

Ein advokat som er hyra inn av Macri-familien seier han skal representere Vincenzo Macri. Han har ikkje snakka med klienten sin enno, seier han, men forsikrar om at han er uskuldig.

– Eg har ikkje snakka med han direkte, men eg veit at han er klar til å forsvare seg, for elles hadde dei ikkje ha engasjert meg. Eg trur han vil avvise alle skuldingane, seier advokaten Maria Candida Tripodi.

Giuseppe Belcastro, advokaten til Vincenzo Crupi, seier dette om klienten sin:

– Siderno er ein liten by, så det er ikkje så unormalt å ha kontakt med nokon som har ein kriminell bakgrunn. Men det gjer han ikkje til ein kriminell.

Reuters har prøvd å kome i kontakt med kona til Crupi, Concetta, utan resultat.

nederland-mafia