Hopp til innhold

Walkietalkie funnen ved bombemannen

Ein walkietalkie vart funnen ved sida av Taimour Abdulwahab etter sjølvmordsaksjonen i Stockholm laurdag.

Politiet dekker til den døde mannen i Stockholm (sladdet)

Politiet dekkjer til mannen som drap seg sjølv og skadde to andre i eit sjølvmordsangrep i Stockholm laurdag.

Foto: Malin Andren, aveny.se/malin

– Det er med 98 prosents sannsyn ein kommunikasjonsradio. Det ser ut som ein billig type med fast antenne, eit PMR-apparat for opne frekvensar, seier Stefan Broström, eigaren av kommunikasjonsradioselskapet SVB Försäljnings, til den svenske avisa Expressen.

Fjernutløysar

PMR er ei forkorting for «privat mobil radio».

Eit anna alternativ er at walkietalkien kan ha vorte brukt som fjernutløysar.

Slike apparat har vesentleg kortare rekkjevidde enn mobiltelefonar, men er ifølgje Expressen enklare å byggja om til fjernutløysarar.

Hostelyd er nytt spor

Brannvesenet slukker en brennende bil i Stockholm

Ein kvit Audi som tilhøyrte sjølvmordsbombaren eksploderte kort tid før 28-åringen sprengde seg sjølv i lufta.

Foto: REUTERS TV / Reuters

Walkietalkie-funnet styrkar teorien om at han hadde ein medhjelpar, ifølgje avisa.

Fleire funn tyder no på at mannen som sprengde seg sjølv i den svenske hovudstaden har hatt hjelp.

Ein person hostar under lydopptaket som sjølvmordsbombaren sende på e-post til det svenske tryggingspolitiet Säpo og nyheitsbyrået TT få minutt før han detonerte bomba, skriv den britiske avisa Daily Telegraph.

Medhjelpar

Ifølgje Daily Telegraph etterforskar svensk politi no om 28-åringen kan ha fått hjelp frå ein annan person til å spela inn lydmeldinga.

Svensk politi har tidlegare opplyst at Abdulwahab truleg utførte åtaket i Stockholm åleine, men at han kan ha hatt hjelp til å førebu seg.

– Me veit av erfaring at denne typen kriminelle handlingar vanlegvis involverer fleire enn ein person, sa etterforskingsleiar Tomas Lindstrand under ein pressekonferanse måndag.

SISTE NYTT

Siste nytt