Hopp til innhold

Video viser Gaddafi i live

Denne videoen viser at Muammar Gaddafi var i live då han vart teken til fange av revolusjonssoldatar i Sirte torsdag.

Video Her er Gaddafi i live

VIDEO: Gaddafi i live etter arrestasjonen.

Videoen viser ein tydeleg såra Gaddafi med mange revolusjonssoldatar rundt seg. Det kan verke som han blir mishandla, men det går ikkje fram av videoen om Gaddafi var i stand til å gjere motstand.

Videoen viser opphissa revolusjonssoldatar som ropar «Allah akbar» (Gud er stor) og viftar med våpen. Videoen har dårleg kvalitet og truleg teken med mobiltelefon.

– Slått med pistol

Det er mogleg å sjå at Gaddafi blir slått med ein pistol, og at han blir dregen om bord i ein pick up-lastebil. Det er kaotiske tilstandar og mange skrikande og jublande menneske rundt den tidlegare diktatoren.

Den militære sjefen i overgangsrådet, Abdul Hakim Belhaj, seier at Gaddafi døydde av sårskadane han fekk før pågripinga. Ein del meldingar tyder på at Gaddafi var i kamp med revolusjonssoldatane før han vart pågripen.

I kveld opplyser libyske styresmakter at Gaddafi døydde av skotsår i hovudet, og at han levde heilt til han nesten var framme på sjukehuset.

Det blir også opplyst at det ikkje vart gitt ordre om å drepe Gaddafi, og at det ikkje vart skote mot han for å drepe.

Revolusjonssoldaten som skal ha teke Muammar Gaddafi til fange seier til BBCs korrespondent i Sirte at eks-diktatoren vifta med ein forgylt pistol då han vart teken. Soldaten seier at Gaddafi gøymde seg i eit sementrøyr då han vart funnen, og at han bønnfall han om ikkje å skyte.

Amnesty vil granske

Amnesty International ber på bakgrunn av denne videoen om at omstenda rundt Gaddafis død blir utsett for ei uavhengig gransking.

Generalsekretær i Amnesty Norge, John Peder Egenæs, seier til NRK at han reagerer sterkt på bileta frå Libya. Han meiner at det verkar som ei rein lynsjing, og at den libyske overgangsregjeringa no må ta kontroll over dei mange væpna gruppene som opptrer som politi og tryggingsstyrkar.

Video Amnesty reagerer sterkt på bildene

VIDEO: Amnesty reagerer sterkt på bileta av Gaddafi.

Leiaren for det libyske overgangsrådet og fungerande statsminister Mahmoud Jibril, svarte dette på spørsmål om kva som skal skje med liket til Gaddafi.

– Det betyr ingenting. Det viktigaste er at han er borte.

Muammar al-Gaddafi, dekket av blod

Det er kaotiske tilstandar i videoen, og mange skrikande og jublande menneske rundt den tidlegare diktatoren.

Foto: REUTERS TV / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt