Vest-Afrika kjempar mot det veksande virusutbrotet. Berre sidan august har 101 menneske død av viruset, ifølgje dei nasjonale helsestyresmaktene.
Dødsfalla er registrert i byane Abuja og Lagos, samt i 14 andre delstatar, skriv The Guardian.
Helsestyresmaktene i Nigeria forsikrar at utbrotet er under kontroll, men mange frykta at dei underrapporterer omfanget. Utbrotet vart først varsla i januar, fleire månadar etter det første tilfellet av sjukdomen vart oppdaga.
- Les òg:
Smittar via rotter
Lassa er ein dødeleg blødingsfeber som det ikkje finst noko vaksine mot. Ifølgje Leger utan grenser finst det berre ein medisin, men det er eit dyrt legemiddel som få har tilgang til.
Sjukdomen smittar gjennom kontakt med infiserte rotter. Lassafeber vert også spreidd mellom menneske, mellom anna via hoste og kontakt med kroppsvæske som blod og spytt.
Kvart vert mellom 100.000 til 300.000 personar ramma av lassafeber, med rundt 5.000 registrerte dødsfall.