Hopp til innhold

Trur Russland meiner alvor med tilbaketrekking

– Det er all grunn til å ta det russiske utspelet om å trekkje tilbake styrkar frå Syria på alvor. Det vil verke mot si hensikt om dei ikkje følgjer opp lovnaden, seier kommandørkaptein Per Christian Gundersen ved Forsvarets Høgskule.

Russiske krigsfly i Syria.

Russiske fly på flybasen Hmeimim i Latika-provinsen i Syria. No kan mange av dei bli trekte tilbake til Russland,

Foto: STRINGER / Afp

Gundersen seier at avgjerda om å trekkje ut brorparten av dei russiske styrkane frå Syria, er ei viktig symbolsk handling. Han er ikkje i tvil om at utspelet frå Russlands president Vladimir Putin i dag har samband med fredsforhandlingane som starta i Genève i dag.

Han har håp om at dette kan gjere det enklare å få til ein avtale i Genève.

Kompromiss og diplomati

Per Christian Gundersen

Kommandørkaptein Per Christian Gundersen meiner ei russisk tilbaketrekking er ei viktig symbolsk handling.

Foto: Forsvaret

– Våpenkvila har vart i tre veker no, og det har berre vore mindre brot. Det er tydeleg at det presset USA og Russland har lagt på lokale aktørar har gitt resultat. Kanskje kan partane innsjå at denne krigen ikkje kan vinnast militært, men at kompromiss og diplomati er einaste farbare veg, seier Gundersen til NRK.

Han har også håp om at dette kan gjere det lettare for USA og Russland å samarbeide om Syria.

– Spørsmålet er om Russland i større grad kan samarbeide med USA i kampen mot IS. Hittil har 70 til 80 prosent av dei russiske luftangrepa i Syria ramma andre opprørsgrupper enn IS. Det er ingen tvil om at Russland har eit fortrinn i kampen mot IS i forhold til USA, sidan dei er inne i Syria. USA må bruke Irak og Tyrkia som utgangspunkt for angrepa mot IS, seier han.

– På vikande front

Gundersen er ikkje i tvi om at den russiske militære innsatsen i Syria, som starta 30. september i fjor, har gjort president Bashar al-Assad sterkare, slik at han sit med betre kort i fredsforhandlingane.

– Den militære støtte har vore kjærkomen for Assad. Då dei russiske angrepa starta var han på vikande front, spesielt nord i landet.

Forsker Tor Bukkvoll ved FFI.

Russland-ekspert Tor Bukkvoll trur Russland har oppnådd det landet kan oppnå militært i Syria.

Sjølv om Per Christian Gundersen har følgt konflikten i Syria tett, så kom meldinga frå Moskva om tilbaketrekking overraskande på han. Det er positivt, seier han, men minner om at Russland har vist evne og vilje til å handle raskt i forhold til Syria, og at dei har kapasitet til å gå tungt inn igjen.

– Russland vil også etter dette ha stor innverknad på det som skjer i Syria, avsluttar han.

Syriske myndigheter til NRK: Nekter å forhandle om Assad

– Ein viktig aktør

Russland-ekspert Tor Bukkvoll ved Forsvarets forskingsinstitutt meiner det er for tidleg å vurdere den russiske avgjerda, utan å vite kor store styrkar russarane skal trekkje ut.

– Det ser likevel ut som Russland har oppnådd det landet kan oppnå med militær makt i Syria. Russland har hatt ei heilt avgjerande rolle i konflikten, og denne innsatsen har vore med på å sikre Assad ein plass rundt forhandlingsbordet i Genève, seier han til NRK.

Bukkvoll minner også om at fredsforhandlingane er eit klart teikn på at Russland er tilbake som ein viktig aktør i internasjonal politikk. Men til forskjell frå Sovjetunionen, minner han om at Russland i dag er meir integrert i verdsøkonomien og dermed meir sårbare for økonomisk press.

– Den militære deltakinga i Syria har ikkje kosta Russland mykje, men dei russiske budsjetta er pressa. Det kan også vere ei økonomisk vurdering bak tilbaketrekkinga, seier han.