Hopp til innhold

Titusenvis marsjerer for palestinsk FN-medlemskap

Fleire tusen demonstrerer på Vestbreidda for å støtta opp om ønsket om FN-medlemskap for ein palestinsk stat.

Ramallah 21.september

Palestinsk FN-medlemskap er det store temaet når hovudforsamlinga til FN i desse dagar er samla i New York. I den palestinske byen Ramallah er mange tusen menneske i dag samla for å markera støtte til ein sjølvstendig palestinsk stat i FN.

Foto: ABBAS MOMANI / Afp

Sigurd Falkenberg Mikkelsen rapporterer fra Kairo 04.02.2011

NRK-korrespondent Sigurd Falkenberg Mikkelsen følgjer utviklinga i konflikten mellom Palestina og Israel.

Foto: Nyhetsspiller

Mange tusen menneske er onsdag samla på Arafat-plassen i sentrum av Ramallah under ei stor støttemarkering for FN-søknaden til Palestinarane.

– Heile familiar frå nærliggjande landsbyar strøymer til for å ta del i markeringa. Folk marsjerer, held politiske talar, dansar og svingar kvite flag med talet 194 på, fortel utanrikskorrespondent i NRK, Sigurd Falkenberg Mikkelsen på telefon frå Ramallah.

Ønskjer å bli medlem nummer 194

Markeringa i Ramallah skjer samstundes med at dei 193.medlemslanda i FN er samla til den årlege hovudforsamlinga i New York.

Det er venta at presidenten til palestinarane, Mahmoud Abbas, vil søkja om at palestinarane vert tekne opp som medlemsland nummer 194 og får anerkjenning for ein sjølvstendig palestinsk stat i løpet av møtet.

I Ramallah herskar det no ein avventande optimisme.

– Folk er stort sett glade for framstøtet til Abbas. Dei meiner tida er mogen for å få på beina ein sjølvstendig palestinsk stat. Folk her seier dei treng fridom og dei treng støtte frå omverda, fortel Falkenberg Mikkelsen.

Skrekkblanda fryd

Israel, USA og fleire europeiske land er negative til å gje palestinarane FN-status. Presset aukar på Abbas for å droppa søknaden, og i dag møter han USAs president Barack Obama.

Ramallah ligg ti kilometer nord for Jerusalem og er hovudkvarteret for det palestinske sjølvstyreorganet.

Den nære rådgjevaren til Abbas, Tayeb Abdel Rahim, heldt onsdag ein politisk appell på Arafat-plassen. Bodskapen han kom med til folkemassen var at sjølv om dei palestinske styresmaktene er hardt pressa, vil dei aldri gje opp kampen for ein eigen palestinsk stat.

Sjølv om palestinarane held pusten og kryssar fingrane for at FN-søknaden vert innvilga, er dei også redde for økonomiske og politiske sanksjonar frå Israel.

– Dei er urolege for kva som vil skje i etterkant. Palestinarar som eg har snakka med her er engstelege fordi dei beveger seg inn i eit nytt politisk landskap som ingen veit korleis ser ut, fortel Falkenberg Mikkelsen.

Ampert på grensa

Demonstrasjonane i Ramallah går roleg føre seg, men ved grenseovergangane til israel er stemninga amper. NRK-korrespondenten var onsdag ettermiddag på veg frå Ramallah til Jerusalem. Ved grenseovergangen Kalandia var det samanstøytar mellom palestinske ungdommar og opprørspoliti.

– Oppimot hundre ungdommar står og kastar stein mot politiet, som svarar med tåregass, fortel han.

Det er venta at president Abbas vil levera søknaden om FN-medlemskap til generalsekretær Ban Ki-moon fredag denne veka. Hendinga vil bli vist på storskjermar i alle dei store palestinske byane.

PALESTINIANS-ISRAEL/UN

Ein palestinsk ungdom blir frakta vekk av journalistar etter å ha vorte såra i samanstøytar med israelsk politi ved grenseovergangen kalandia nær Ramallah.

Foto: DARREN WHITESIDE / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt