Hopp til innhold

Taliban: - Målet var å ramme kristne

Pakistansk Taliban seier dei står bak det dødelege terrorangrepet i Lahore i går, der minst 72 menneske vart drepne, og at kristne var målet. 29 av dei døde er born.

Terrorangrep i Lahore.

Eitt av borna som overlevde angrepet ligg hardt såra på eit sjukehus i Lahore.

Foto: FAROOQ NAEEM / Afp

Ehansullah Ehsan er talsmann for gruppa Jamaat-ul-Ahrar, som er ein del av pakistansk Taliban, sa på telefon til nyheitsbyrået AFP i dag tidleg at gruppa vil gjennomføre fleire angrep mot skular og utdanningsinstitusjonar.

– Kristne er eit mål for oss, og det var vi som gjennomførte angrepa i Lahore i går , sa Ehsan. Han sa også at angrepet i går var eit signal til statsminister Nawaz Sharif om at organisasjonen no har innteke Lahore.

To millionar kristne

Mor med såra barn i Lahore.

Ei mor saman med det såra barnet sitt på eit sjukehus i Lahore.

Foto: FAROOQ NAEEM / Afp

Lahore er hovudstaden i provinsen Punjab, av mange rekna som det politiske og kulturelle kjerneområdet i Pakistan. Det er over to millionar kristne i Pakistan, men det store fleirtalet i landet er muslimar.

Dei overlevande etter sjølvmordsangrepet i ein park i den pakistanske storbyen i går fortel om forferdelege scener på staden.

– Vi vitja parken for å nyte påskeferien. Plutseleg kom ein forferdeleg smell. Eg såg ei enorm eldkule, og fleire i familien min er såra. For to av dei er tilstanden kritisk, seier 53 år gamle Arif Gill til nyheitsbyrået AFP.

Norskpakistanere demonstrerte til støtte for drapsmann

Norskpakistanere demonstrerte til støtte for drapsmann

– Flest muslimar drepne

Haider Ashraf, ein høgtståande polititenestemann, stadfestar at det er 72 døde og minst 230 såra etter terroraksjonen. Han fortel at det ikkje berre var kristne i parken då bomba gjekk av.

– Fleirtalet av dei drepne var muslimar. Dette er ein park som blir brukt av alle, seier han til AFP.

Det er venta at talet på døde vil stige. Mange av dei såra har svært alvorlege skadar.

Terroraksjon i Lahore.

Lahore er sterkt prega av terroraksjonen i går, der over 70 menneske miste livet og over 200 vart såra.

Foto: FAROOQ NAEEM / Afp

Javed Ali (35) bur like ved parken ikkje langt frå sentrum av Lahore. Han kan fortelje at eksplosjonen var så kraftig at vindauga i huset der han bur rista. Det gjekk ti minutt før han tok sjansen på å gå ut av huset.

– Det var restar av menneske på veggane av huset vårt. Eg høyrde menneske skrike, og det var ambulansar med sirenene på, seier han.

Han var i parken med barna like før bomben gikk av

Redsle og gråt

Andre vitne fortel om skrikande born som blei borne vekk av livredde foreldre. Kaos, redsle og gråt.

He Named Me Malala

Fredsprisvinnar Malala Yousafzai var raskt ute med å fordømme angrepet.

Foto: Twentieth Century Fox

Fredsprisvinnar Malala Yousafzai, som sjølv vart forsøkt drepen av Taliban fordi ho var aktiv i kampen for jenter sin rett til utdanning, er blant dei mange som fordømmer angrepet i Lahore.

– No må verdssamfunnet stå saman med Pakistan. Alle menneskeliv er dyrebare og alle har krav på respekt og vern, seier ho blant anna på Twitter.

Laster Twitter-innhold

Angrepet i går kveld var det alvorlegaste i Pakistan sidan desember 2014, då 134 skuleelevar vart massakrerte på ein skule for born av militære i Peshawar.

Redningspersonell i Pakistan

Terrorangrepet i Lahore i går var det verste i Pakistan sidan desember 2014.

Foto: ARIF ALI / AFP

SISTE NYTT

Siste nytt