Hopp til innhold

Taliban truar med angrep i India

Pakistansk Taliban truar med angrep i India, etter at den einaste overlevande av terroristane som stod bak Mumbai-angrepet i 2008, vart avretta.

Kasab

Mohammad Ajmal Kasab fotografert under angrepet mot eit hotell i Mumbai.

Foto: Sebastian D'souza / AP

Taliban-talsmann Ehsanullah Ehsan seier at dei har bestemt seg for å angripe mål i India, etter at Mohammad Ajmal Kasab vart avretta.

Ehsan krev også at liket hans må sendast tilbake til Pakistan.

Mohammed Ajimal Kasab

Mohammad Ajmal Kasab vart hengd i eit indisk fengsel onsdag.

Foto: Ap

– Om ikkje liket hans blir gitt tilbake til familien, så vil vi sørgje for det. Om gud vil skal vi overta oppdraget hans, seier Ehsan over telefonen til nyheitsbyrået Ap.

Avretta ved henging

Kasab vart avretta ved henging i går i ein fengsel i byen Pune utanfor Mumbai. 166 menneske vart drepne i terrorangrepet mot Mumbai i 2008.

Mohammad Ajmal Kasab vart avretta ved henging onsdag denne veka, og han vart gravlagd på fengselsområdet i Pune. Ein talsmann for indisk UD seier at dei vil behandle ein søknad om utlevering av liket på vanleg måte, men at det hittil ikkje har kome eit slikt krav frå korkje familien eller pakistanske styresmakter.

Terrorangrepet mot Mumbai, den økonomiske hovudstaden India, i 2008 gjekk føre seg over tre dagar. Angrepet retta seg mot to luksushotell, eit jødisk senter, ein restaurant populær blant turistar og ein travel jernbanestasjon. Det var i alt ti angriparar, og dei ni andre vart drepne under terroraksjonen.

LES OGSÅ: Hvem visste hva når i Pakistan?

LES OGSÅ: Hvor mye visste Pakistan?

Terrorangrep på direkten

Dei ti angriparane kom til Mumbai med båt til Mumbai 26. november 2008. Dei var utstyrte med granatar, automatvåpen og mobiltelefonar. Indisk fjernsyn sende direkte frå det som skjedde, og fjernsynssjåarar over heile verda kunne følgje dramaet frå time til time.

Forholdet mellom atommaktene India og Pakistan vart markert dårlegare etter terrorangrepet.

Terror i Mumbai

166 menneske vart drepne i terrorangrepet mot Mumbai i november 2008.

Foto: David Guttenfelder / Ap

Mohammad Ajmal Kasab tilstod at han var med i den pakistanske islamistiske organisasjonen Lashkar-e-Taiba, og at han var i kontakt med bakmenn i Pakistan under angrepet.

Indiske styresmakter skulda den pakistanske etterretningstenesta for å ha band til Lashkar-e-Taiba, noko som blir avvist av Pakistan. Den pakistanske etterretninga har også vorte skulda for å samarbeide med Taliban, noko som igjen blir avvist av styresmaktene.

Test for Pakistan

India har ikkje gitt ein offisiell kommentar til truslane frå Taliban. Ein anonym tenestemann seier likevel til Ap at dette blir ein test for den pakistanske regjeringa, om dei vil godta angrep på India frå pakistansk jord.

India har gong på gong sagt at Pakistan ikkje gjer nok for å slå ned på gruppa som var ansvarleg for Mumbai-angrepet.

Sju personar, blant dei mannen som skal vere den militære sjefen i Lashkar-e-Taiba, skal stillast for retten i Pakistan for å ha band til Mumbai-terroren. Men førebuingane til rettssaka har gått sakte, og det er uklart når saka kjem i gang.

Anti-pakistansk protest i India

Terrorangrepet mot Mumbai i 2008 førde til store anti-pakistanske demonstrasjonar i India.

Foto: NARINDER NANU / AFP

LES OGSÅ: India på tå hev etter terroralarm

LES OGSÅ: – Hjernen bak Mumbai-terror fortsatt på frifot

SISTE NYTT

Siste nytt