Hopp til innhold

Strauss-Kahn tilbake på fransk jord

Den tidlegare IMF-sjefen Dominique Strauss Kahn landa søndag morgon i Frankrike. I heimlandet går han ei uviss framtid i møte.

Dominique Strauss-Kahn har landet på fransk jord igjen

Strauss-Kahn var godt nøgd med å kunne reisa heim til Frankrike med kona etter turbulente månader i retten i New York.

Foto: Michel Euler / Ap

Strauss Kahn, som har vore under etterforsking for valdtekt i New York, reiste laurdag kveld frå USA med fly.

Strauss-Kahn gjekk om bord i eit fly til Frankrike saman med kona Anne Sinclair.

Dominique Strauss-Kahn og kona Anne Sinclair.

Dominique Strauss-Kahn og kona Anne Sinclair kom til JFK-flyplassen i New York i kveld.

Foto: ALLISON JOYCE / Reuters

Dominique Strauss-Kahn i retten

Heile verda sitt søkjelys har vore retta mot Dominique Strauss-Kahn etter at han i mai vart arrestert, mistenkt for valdtekt.

Foto: RICHARD DREW / Afp

Påtalemakta la bort saka mot den tidlegare IMF-sjefen fordi det vart reist tvil om truverdet til kvinna som skulda han for valdtekt.

Uviss framtid

Det var eit stort presseoppbod då ekteparet kom til John F. Kennedy-flyplassen seint i kveld norsk tid, og dei to vart geleida gjennom mylderet av journalistar av tryggingsvakter inn til tryggingskontrollen.

Det er uklart om Strauss-Kahn vil prøve å kome tilbake til fransk politikk.

Den 62 år gamle økonomen og politikaren gjekk av som IMF-sjef i mai, etter at han vart arrestert, mistenkt for valdtekt av ei kvinne som arbeidde på hotellet han budde på i New York.

Ripar i lakken

Sist droppa påtalemakta saka mot han etter at det viste seg at kvinna på fleire punkt ikkje hadde snakka sant. Dermed meinte statsadvokaten i New York at dei ikkje hadde ei sterk nok sak mot Strauss-Kahn.

Strauss-Kahn var favoritt til å bli det franske sosialistpartiet sin presidentkandidat ved valet neste år.

Han var rekna for å vere den som hadde størst sjanse til å slå den sitjande presidenten Nicolas Sarkozy, men saka i New York har truleg øydelagd for den politiske karrieren hans.

SISTE NYTT

Siste nytt