Hopp til innhold

Spent før «Maud»-slep gjennom isen mot Grønland

Slepet av polarskuta «Maud» er i gang. Dersom isen i Nordvestpassasjen ikkje skaper altfor store problem, er skuta trygt framme på vestkysten av Grønland om to-tre veker.

Polarskuta «Maud» gjennom Nordvestpassasjen

Milepælen er nådd: Den lange reisa heim er i gang. I bakgrunnen ser vi Cambridge Bay, der polarskuta «Maud» gjekk ned i 1931.

Foto: JAN WANGGAARD / MAUD RETURNS HOME

– Vi har hatt ekstremt travle dagar og ser fram til å komme oss av garde. Isen er framleis litt kranglete, men vi håpar det skal gå greitt gjennom Nordvestpassasjen og fram til Aasiaat på Grønland. Vi reknar med at seglasen skal ta to til tre veker, rapporterte prosjektleiar Jan Wanggaard før avreise.

Polarskuta «Maud» gjekk ned i 1931. I juli i fjor blei båten heva. Prosjektet «Maud Returns Home» har som mål å få «Maud» tilbake til Vollen i Asker, der skuta blei bygd i 1916–1917. «Maud» blei brukt av Roald Amundsen på ekspedisjonen han starta i 1918.

Polarskuta «Maud» klar til slep fra Cambridge Bay

«Maud» og slepebåten «Tandberg Polar» klar til avreise frå Cambridge Bay.

Foto: JAN WANGGAARD / MAUD RETURNS HOME

Dei har venta i fleire veker på at isforholda skulle bli akseptable. Det var avgjerande å komme i gang før isen begynte å pakke seg igjen i Nordvestpassasjen. Og tysdag denne veka var slepet i gang – ut frå den canadiske byen Cambridge Bay.

Polarskuta «Maud» forlater Cambridge Bay

Slepebåten «Tandberg Polar» med «Maud» og lekteren «Jensen» på veg ut frå Cambridge Bay.

Foto: JAN WANGGAARD / MAUD RETURNS HOME

Det er slepebåten «Tandberg Polar» som trekkjer den gamle skuta gjennom dei utfordrande havområda heilt nord Canada. «Maud» ligg på lekteren «Jensen», som ho har gjort etter hevinga i fjor. Om bord på «Tandberg Polar» er det sju mann.

– Slepet har gått nordover gjennom isfritt hav mot sørspissen av Prince of Wales-øya, seier Jan Wanggaard sin kollega, Ann Cayetano til NRK.

Ho sender dagleg rapportar om is- og vindforhold i Bellotsundet for at Wanggaard og hans team på «Tandberg Polar» skal kunne vurdere om det er forsvarleg å leggje kursen gjennom dette tronge sundet. Det vil å så fall gjere reisa til Grønland noko kortare enn dersom dei følgjer den ruta som større skip bruker.

«Maud» skal slepast frå Cambridge Bay til Grønland

«Maud» skal slepast frå Cambridge Bay i Canada - gjennom den austlege delen av Nordvestpassasjen. Målet er Aasiaat på vestkysten av Grønland. Planen er å ta «snarvegen» gjennom Bellotsundet.

«Maud» skal liggje i Aasiaat på Grønland gjennom vinteren. Neste år går ferda over Atlanterhavet og tilbake til Noreg – 100 år etter at Roald Amundsen sin ekspedisjon starta.

Polarskuta «Maud» gjennom Nordvestpassasjen

På veg gjennom Nordvestpassasjen - mot Aasiaat på vestkysten av Grønland. Slepet vil truleg ta to til tre veker.

Foto: JAN WANGGAARD / MAUD RETURNS HOME

SISTE NYTT

Siste nytt