Hopp til innhold

Slik vil verda endre seg i 2016

Ein fersk klimaavtale, Ebola-exit og Brexit, låg oljepris, eit amerikansk presidentval og ein langvarig Syria-krig vil sette sitt preg på 2016. NRK ser inn i kula og spår utanriksåret som ligg framfor oss.

Utanriksåret 2016 - montasje

Det amerikanske presidentvalet (øvst til venstre) kjem til å vekke mykje merksemd i 2016. Her representert ved dei demokratiske kandidatane med Hillary Clinton i front. Det vil også fredsavtalen mellom Colombia og FARC-geriljaen gjere, her representert ved Colombias president og FARC sin leiar. Krigen i Jemen (nedst til venstre) vil halde fram i skuggen av krigen i Syria. Og britane kan bli nøydde til å gå til urnene for å stemme over eit framleis medlemskap i EU – eller ikkje.

Det er allereie mogleg å slå fast at verdshistorie vil bli skriven også i 2016, sjølv om det sjølvsagt ikkje er mogleg å føreseie alt som vil skje dei neste 12 månadane.

Nye avtaler skal følgjast opp – gamle alliansar kan ryke

2015 førte til fleire omfattande avtaler som verda no skal jobbe for å oppfylle. Den største er Parisavtalen, som har som mål å avgrense klimautslepp og temperaturauka i verda. I tillegg er det også kome på plass nye berekraftsmål frå FN som etterfølger dei suksessfulle tusenårsmåla. Mange utviklingsland vil gjere det dei kan for å oppnå desse nye utviklingsmåla.

Britisk flagg og EU-flagg

Blir det Brexit? I Storbritannia kan det i år bli ei avstemming om landet skal bli verande i EU, eller melde seg ut.

Foto: NEIL HALL / Reuters

Også atomavtalen mellom Iran og fleire av verdas stormakter skal det jobbast vidare med, og seinast denne veka vart det kjent at Noreg er blant landa som bidreg til å oppfylle nokre av krava i avtalen.

Ein avtale som derimot kan ryke er Storbritannias medlemskap i EU. Britane har stilt strenge krav til EU om mindre byråkrati og mindre overnasjonalt styre. Til sommaren eller hausten kan det bli folkerøysting i Storbritannia om eit vidare medlemskap i EU, men før det skal skje må britiske styresmakter bli einige med Brussel om dei ulike krava som er stilte. Men det kan også dryge til 2017 før eit val vert gjennomført. Ein Brexit vil vere særs alvorleg for ein europeisk union som har vore gjennom trøblete tider.

Krig, men også fred, i 2016

The Week In Photos Mideast Afghanistan Pakistan

I Jemen held krigen fram, men i skuggen av borgarkrigen i Syria. Det er gjort nokre forsøk på fredsavtaler i Jemen, men så langt er det ingen som har vart veldig lenge.

Foto: Hani Mohammed / Ap

Fleire krigar herjar medan verda går inn i 2016, og fleire av dei ser ut til å kunne vare ei stund. Det er særskild krigen i Syria som for femte året på rad peiker seg ut. Terrorgruppa IS har framleis kontroll over store område i Syria og Irak, men gjennom jula har det kome fleire meldingar frå Irak om at gruppa er blitt kraftig svekka den siste tida.

Kva rolle verdas stormakter får i krigen i Syria og Irak er framleis i det blå, og vil vere heilt avgjerande for ei stabil verd. Russlands, Frankrikes og USAs involvering i krigen mot IS har fått nokre til å juble, medan andre fryktar ei ytterlegare eskalering. Tyrkias nedskyting av eit russisk fly er eit døme på ein meir spent situasjon i Midtausten.

SOUTHSUDAN-UNREST/ Jikany Nuer White Army fighters holds their weapons in Upper Nile State, South Sudan

I Sør-Sudan har det vore eit vanskeleg år, og med ei svoltkatastrofe i emning, så kan det bli endå verre. Her er det soldatar frå Jikany Nuer White Army som er klare til kamp.

Foto: GORAN TOMASEVIC / Reuters

Også i Jemen er det krig, og forsøka på våpenkvile har ikkje vore særleg vellukka så langt. Det ser heller ikkje så lyst ut i Sør-Sudan, der dei to partane ikkje klarer å slutte fred etter eit brutalt krigsår. Også i Burundi og Angola er det frykt for eskalerande konfliktar. I førstnemnde land er det misnøye med presidenten som kan skape uro. I Angola er det derimot menneskerettsbrot og eit stadig meir autoritært statssstyre som skaper misnøye og uro. Når det oljerike landet i tillegg går mot dårlege økonomiske tider grunna den låge oljeprisen, så vert det heile ein farleg cocktail som kan ende i kaos.

CUBA-COLOMBIA-FARC-PEACE-AFP PICTURES OF THE YEAR 2015

Colombias president, Juan Manuel Santos, og leiaren av FARC-geriljaen, Timoleon Jimenez, tek kvarandre i handa under eit av dei mange forhandlingsmøta. I mars håper ein at partane kan signere ein avtale som er slutten på ein 51 år lang borgarkrig.

Foto: LUIS ACOSTA / Afp

Men nokre stader kan det også bli fred. I Colombia er det venta at ein 51 år lang borgarkrig kan vere over i mars når landets styresmakter signerer ein fredsavtale med FARC-geriljaen. Det har funne stad forhandlingar på Cuba i lang tid, og Noreg har vore blant landa som har støtta fredsprosessen. Etter litt turbulens i 2015 tyder mykje på at ting no går riktig veg i Colombia.

Ebola, Trump og nyzealandsk flagg

Ein annan positiv ting som kjem til å skje i 2016 er at ebolaepidemien omsider vil vere over. Guinea og Sierra Leone har allereie erklært deg ebolafrie, og det er berre få veker til Liberia kan gjere det same.

USA-ELECTION/ U.S. Republican presidential candidate Donald Trump and his wife, Melania Trump, speak to the media in the spin room following the U.S. Republican presidential debate in Las Vegas

Donald Trump har kapra mange overskrifter i 2015, og fleire vil det bli det kommande året. Her er han saman med kona Melania.

Foto: DAVID BECKER / Reuters

Donald Trump og Hillary Clinton er to namn du må leve med at utanriksjournalistane snakkar og skriv om også i 2016. I november er det presidentval i USA, men før den tid skal både Republikanarane og Demokratane velje sin presidentkandidat. Så frå januar til november vil nordmenn få meir enn nok av amerikansk politikk.

Dette kan bli New Zealands nye flagg

Blir dette New Zealands nye flagg? Det skal folk på øya stemme over i mars.

Foto: STRINGER / Reuters

New Zealand skal det også vere val, men då av det meir kuriøse slaget. For landet er no midt i ein valkamp der dei skal bestemme korleis flagget skal sjå ut. Skal det ha det britiske flagget i hjørnet og likne på storebror Australia, eller ha eit meir nyzealandsk preg. Svaret får du i mars.

Utfordrande økonomiske utsikter

Ein låg oljepris skaper usikre tilstandar i dei oljerike landa. I tillegg er det låg vekst i den globale handelen. Leiar i Det internasjonale pengefondet, Christine Lagarde, meiner 2016 kjem til å bli eit skuffande år for dei som håper på global vekst. Kinas økonomi er også ein viktig faktor i utviklinga i verdsøkonomien, og stansen i den kinesiske veksten, med etterfølgjande børsfall har i 2015 fått mange til å frykte det verste.

Det er også venta at Brasil og Russland vil slite økonomisk. Førstnemnde land er midt inni ei politisk krise der det statlege oljeselskapet Petrobras er råka av ein korrupsjonsskandale. Dette har vore medverkande til ei økonomisk krise, og ved utgangen av året vil den brasilianske inflasjonen vere på 10,8 prosent. I Russland er det økonomisk resesjon etter at sanksjonar ramma landet i kjølvatnet av Russlands annektering av Krim-halvøya.

Flyktningar og El Niño

Det er lite som tyder på at talet på flyktningar vil gå særleg ned i 2016. Så lenge krigen i Syria held fram er det millionar av menneske som ikkje har ein heim, og heller ikkje moglegheiter til å få ein jobb i landet dei har flykta til. Nokre av desse vil søke mot Europa, og det er særskild på våren og sommaren at mange tek seg nordover.

AFP PICTURES OF THE YEAR 2015-GREECE-EUROPE-MIGRANTS

Flyktningane vil halde fram med å komme over Middelhavet også i 2016.

Foto: ANGELOS TZORTZINIS / Afp

Store deler av verda har merka at ekstremvêret El Niño har slått til, og det er venta at ekstremvêret også vil vare inn i 2016. El Niño har ført til både ekstrem tørke, og ekstrem nedbør, og no er sårbare land som Etiopia og Sør-Sudan utsette for svolt.

SISTE NYTT

Siste nytt