Hopp til innhold

Skytedrama ved universitet i USA

Tre personar er døde og to alvorleg såra etter eit skytedrama i ein studentby i den amerikanske delstaten Alabama, melder amerikansk media.

Auburn Alabama

Politiet har sperra av området ved University Heights i Auburn, og sett opp kvite telt.

Foto: Vasha Hunt / Ap

Rettsmedisinarar i Lee County har bekrefta at tre personar vart drepne i skytedramaet ved eit bustadkompleks for studentar, University Heights, like ved universitetet i Auburn, skriv TV-kanalen WTMW.

Skytinga fann stad mellom klokka 22 og 23 laurdag kveld amerikansk tid.

Politiet har sperra av området, men har førebels ikkje komme med noko kunngjering om ofra.

Ifølgje radiokanalen WSFA er politiet på jakt etter ein mogleg gjerningsmann.

(Saka held fram)

Auburn Alabama

University Heights er eit bustadkompleks for studentar.

Foto: Vasha Hunt / Ap

Kvite telt

Sky news melder om tre drepne og to såra i skytingen. Ein av dei drepne skal vere student ved universitetet, og dei to andre tidlegare studentar.

Politiet har sett opp kvite telt og bevismarkørar på parkeringsplassen utanfor bustadkomplekset.

Avisa All Alabama skriv at vitne skal ha sett ein død kropp på plassen der det kvite teltet er sett opp.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt