Hopp til innhold

Sju pågripne i Brussel for terrorplanlegging

Ein 22 år gamal belgisk mann er sikta for å ha medverka i terrorangrepet i Paris i november. I tillegg er seks personar arresterte i Brussel i dag, skulda for å planlegge terrorangrep under nyttårsfeiringa.

Belgisk politi

Belgisk politi har arrestert ein tiande person i samband med etterforskinga etter terrorangrepa i Paris.

Foto: FRANCOIS LENOIR / Reuters

Det er ein 22 år gamal mann som er pågripen og mistenkt for å ha delteke i planlegginga og utføringa av terroren i Paris den 13. november. Han er så langt den tiande personen som er pågripen i samband med terroretterforskinga.

Mannen som er belgisk statsborgar vart pågripen i ein bustad i Brussel i går, og vert av påtalemakta berre kalla Ayoub B. Mannen er sikta for terrordrap og medverknad i ein terrororganisasjon. Det er førebels ikkje gitt ut meir informasjon om mannen.

130 menneske døde i terrorangrepa i Paris, og fleire av terroristane hadde bakgrunn frå bydelen Molenbeek i Brussel. Det er i denne bydelen mannen vart pågripen.

I tillegg vart seks personar arresterte i ettermiddag då politiet utførte fleire husgjennomsøkingar i Brussel. Dei seks er arresterte for å ha truga med å utføre eit terrorangrep i Brussel på nyttårsaftan. Også på tysdag vart to personar menn og skulda for det same.

Ifølgje den belgiske kringkastaren RTBF skal polititenestemenn ha vore målet for det planlagde angrepet. Desse arrestasjonane er ikkje knytt til terrorhendingane i Paris i november.

Den offisielle nyttårsfeiringa i Brussel er avlyst på grunn av terrorfare.

SISTE NYTT

Siste nytt