Hopp til innhold

Simpson får over 30 år i fengsel

Den tidlegare fotballstjerna O.J. Simpson kan måtte sone opptil 33 år i fengsel for væpna ran og kidnapping.

O.J. Simpson
Foto: © POOL New / Reuters / REUTERS

Den kompliserte domen gir Simpson 15 års fengsel for kidnapping, og inntil seks års fengsel for dei andre punkta i tiltalen.

Den tidligare amerikanske fotballstjerna er dømd for å ha brote seg inn på eit hotellrom i Las Vegas saman med fire medskuldige.

Tolv tiltalepunkt

Alle hadde våpen, og dei prøvde å stele med seg fleire samlarobjekt frå karrieren til Sipson.

61 år gamle Simpson vart saman med en golfkompisen Clarence Stewart funne skyldig på alle dei tolv tiltalepunkta.

LES: O.J. Simpson funnet skyldig

Ba om orsaking

I ei følelsesladd tale til dommaren sa Simpson at han slett ikke hadde meint å gjere noko ulovleg, men at han berre prøvde å få tilbake sine eigne eigedelar.

– Eg ber om orsak, eg er lei meg, eg ville ikkje stele nokon ting frå nokon, sa Simpson.

Men dommar Jackie Glass ville ikkje høre på dette.

– Dette handlar om mykje meir enn dumskap, slo ho fast.

Betalte erstatning

Kjenninga fall på dagen 13 år etter at Sipson vart frikjent for drap på ekskona Nicole Brown og den nye kjærasten hennar.

Simpson måtte likevel betale erstatning til familien.

SISTE NYTT

Siste nytt