Hopp til innhold

Rettssak om Stockholm-terror i gang i Glasgow

Rettssaka mot mannen som er tiltalt for å delteke i planlegginga av det mislukka terrorangrepet mot Stockholm 11. desember 2010, starta i Glasgow i dag.

Selvmordsaksjon i Stockholm

Berre sjølvmordsbombaren sjølv miste livet i Stokcholm 11. desember 2010.

Foto: Magnus Hjalmarson Neidemann / Scanpix

Taimour Abdulwahab

Taimour Abdulwahab sjølv var den einaste som miste livet i sjølvmordsaksjonen.

Foto: Afp

Tiltalte, Nesserdine Menni, er tiltalt for å ha finansiert og å ha vore med i planlegginga av angrepet som Taimour Abdulwahab gjennomførde i Stockholm. Påtalemakta meiner han i fleire år har delteke i komplottet som førde fram mot det mislukka angrepet.

– Fleire var innblanda

Påtalemakta meiner også at det er fleire innblanda i saka, men førebels er Menni den einaste tiltalte. Saka går i Glasgow fordi Menni budde der då han vart arrestert. Han avviser å ha noko med saka å gjere, melder TT.

Abdulwahab og Menni skal begge ha budd i Luton i England, og politiet meiner at dei to kjende kvarandre. Menni skal ha overført 50.000 kroner til Abdulwahab. Han risikerer fengsel på livstid om han blir funnen skuldig. Menni skal ha kjøpt falske id-kort og oppretta fleire bakkontoar med falske namn.

Det er sett av 12 veker til saka, og aktoratet åleine har ført opp heile 250 vitne.

Nasserdine Menni på veg til retten i politibil.

Nasserdine Menni på veg til retten i ein pansra bil i dag.

Foto: DAVID MOIR / Reuters

LES OGSÅ: Hevder flere var innblandet i svensk terroraksjon

LES OGSÅ: Pågripen for Stockholm-bombe

– Omfattande kontakt

Menni er tiltalt for at han saman med Taimour Abdulwahab og andre planla angrepet på Bryggargatan i Stockholm denne desemberkvelden i 2010. Aktoratet meiner planlegginga starta så tidleg som i 2003, og at dei to har hatt omfattande kontakt på e-post og telefon.

Aktoratet meiner også å vite at dei to møttest i Luton for å leggje siste hand på verket i planlegginga.

Berre sjølvmordsbombaren sjølv vart drepen i angrepet i Stockholm, men to som oppheldt seg i nærleiken vart såra.

LES OGSÅ: - Visste om terrorplanene to måneder før angrepet

LES OGSÅ: Kona la ut Stockholm-bomberens selvmordsmelding på Youtube

Prøvde å oppnå kontakt

Ni dagar før angrepet sende Taimour Abdulwahabn ein e-post til Menni med ei lenkje til ei nettside med ekstremistisk islamistisk materiale, melder Dagens Nyheter .

Like før angrepet 11. desember 2010, midt under julehandelen, ringde Abdulwahab til eit telefonnummer i Irak.

Like etterpå vart han oppringt frå eit telefonnummer i Irak. Kort tid etter prøvde han fleire gonger å ringje til Nasserdine Menni, meiner politiet.

Huset til Abdulwahab i Luton, England

Ein politibil framfor huset til Abdulwahab i Luton i England.

Foto: Akira Suemori / Ap

LES OGSÅ: Nettet avslører Stockholm-terrorist

LES OGSÅ: Kona fikk Stockholm-bomberens forklaring