Hopp til innhold

Restaurantgjestar fekk bil på bordet

Fire restaurantgjestar i den kinesiske storbyen Shanghai kom frå det med lettare skadar, då ein bil plutseleg kom inn gjennom vindauget og landa på bordet deira.

Klipp fra overvåkningsvideo i restaurant som fikk bil gjennom vinduet.

VIDEO: Sjå den mislukka parkeringa her.

Restauranten i hjartet av den kinesiske finanshovudstaden var godt utstyrt med overvakingskamera, og i videoen over kan du frå fleire vinklar sjå korleis bilen tok seg inn gjennom vindauget.

Føraren, som heller ikkje vart alvorleg skadd, har forklart at uhellet skjedde då ho skulle parkere bilen. I farta tok ho feil av bremsepedalen og gassen, og dermed gjekk ferda rett gjennom vindauget på restauranten.

SISTE NYTT

Siste nytt