Hopp til innhold

Redd Barna: 280 millionar born har det betre i dag enn for 20 år sidan

Minst 280 millionar born har ein betre sjanse til å oppleve ein trygg og sunn barndom i dag enn for 20 år sidan. Noreg kjem på tredjeplass i rapporten.

Born på flyplass i Singapore

FØRSTE PLASS: Born spring på Jewel Changi-flyplassen i Singapore. I 2019 toppar Singapore lista over kva land som best legg til rette for ein god barndom.

Foto: FELINE LIM / Reuters

Rapporten Global Childhood Report ser på kva tilgang born har til helsehjelp, skule og ernæring, og kor utsette born er for barnearbeid og barneekteskap.

– Aldri har så mange born hatt det så godt som no. Born er sunnare og fleire går på skule enn nokon gong før. Bak framgangen ligg ein formidabel innsats frå styresmakter, frivillige organisasjonar, FN, og eldsjeler på alle nivå og i alle land, seier generalsekretær i Redd Barna, Birgitte Lange.

Eit betre liv

Rapporten viser at i år 2000 opplevde 970 millionar born ein barndom prega av barneekteskap, tidleg graviditet, at ein ikkje fekk gå på skule, sjukdom, underernæring, eller dødsfall som følgje av vald.

Dette talet er i dag redusert til 690 millionar. Rapporten konkluderer dermed med at minst 280 millionar born har eit betre liv i dag enn dei ville hatt for to tiår sidan.

– Investeringa i born dei siste 20 åra er den beste verda kunne gjere. I nesten alle land i verda har born fått det betre. For berre ein generasjon sidan var risikoen for at eit barn skulle døy før femårsdagen dobbelt så stor som i dag, seier Lange.

Born i Sierra Leone

I Sierra Leone har talet på menneske som lever på flukt blitt redusert med 99 prosent sida 2000. Her er ei jente på ei skule i Freetown i 2018, etter at regjeringa lanserte eit program for gratis utdanning.

Foto: SAIDU BAH / AFP

Fleire på flukt på grunn av krig og konflikt

Grunnlaget for rapporten er tal frå 176 land som har mange nok data tilgjengeleg. I 173 av desse landa har borna fått det betre, ifølgje rapporten.

  • 4,4 millionar færre born under fem år døyr kvart år
  • 49 millionar færre har svekka vekst fordi dei har fått for lite eller feil ernæring
  • 130 millionar fleire born går på skulen
  • 94 millionar færre born er barnearbeidarar
  • 11 millionar færre jenter blir tvangsgifte eller gifter seg tidleg
  • 3 millionar færre tenåringar føder born per år
  • 12 000 færre born blir drepne kvart år

Men eitt tal peikar i feil retning. Talet på born som er på flukt på grunn av krig og konflikt har auka med hele 80 prosent dei siste tjue åra.

– Sjølv om framgangen er betydeleg, blir framleis millionar av born frårøva barndommen sin. Eitt av fire born har framleis ikkje tilgang til skule, mat, trygge levekår eller helsehjelp. Særleg utsette er born som lever i område med krig og konflikt, eller som er drivne på flukt frå heimane sine. Vi må halde fram å arbeide hardt for å sikre at også desse borna får den barndommen dei fortener, seier Birgitte Lange.

Born i Singapore

Born i Singapore leikar med skjelpadder ved et skjelpadde-museum i april i år.

Foto: THEODORE LIM / AFP

Framgang i fattige land

I 2019 toppar Singapore lista over kva land som best legg til rette for ein god barndom. Sverige ligg på andre plass.

Noreg deler tredjeplassen med Finland og Slovenia. Lengst nede på lista ligg Den sentralafrikanske republikk, Niger og Tsjad.

Årsaka til at Singapore og Sverige er over oss på lista er lågare skolefråfall og færre tenåringsfødslar enn det vi har her i Norge.

Redd Barna-rapporten viser at landa som har hatt størst framgang dei siste 20 åra, er land som Sierra Leone, Rwanda, Etiopia og Niger. Desse fattige landa har oppnådd framgangen meir på grunn av politiske prioriteringar enn nasjonal rikdom, ifølgje rapporten.

Rapporten trekkjer fram fleire eksempel på framgang i fattige land.

  • I Rwanda har livet for born blitt betre på dei aller fleste område. Talet på born som døyr før dei har fylt fem år, er redusert med 79 prosent. Rwanda har også halvert barnearbeid, tenåringsfødslar og drap på born sidan 2000. Fleire born går på skule og færre born er gift før fylte 18 år.
  • Relativt sett har ingen land hatt ein like oppsiktsvekkjande framgang som Niger, sjølv om landet ligg nest lengst nede på lista. Talet på born som døyr før dei har fylt fem år, er redusert med 62 prosent på tjue år.
  • I Sierra Leone har talet på menneske som lever på flukt blitt redusert med 99 prosent sidan 2000.

Her er heile lista

1 Singapore 989

2 Sverige 986

3 Finland 985

3 Norway 985

3 Slovenia 985

6 Tyskland 982

6 Irland 982

8 Italia 980

8 Sør-Korea 980

10 Belgia 979

11 Island 978

11 Portugal 978

13 Kypros 977

13 Spania 977

15 Australia 975

15 Sveits 975

17 Israel 974

17 Luxembourg 974

19 Frankrike 973

19 Japan 973

19 Litauen 973

22 Storbritannia 972

23 Canada 971

23 Danmark 971

25 New Zealand 968

25 Polen 968

27 Estland 967

27 Latvia 967

29 Kroatia 965

30 Hellas 964

31 Ungarn 963

32 Malta 961

33 Bahrain 958

34 Hviterussland 951

35 Kuwait 942

36 Kina 941

36 USA 941

38 Bosnia & Hercegovina 940

38 Russland 940

40 Kasakhstan 933

40 Qatar 933

42 Ukraina 932

43 De foreinte arabiske emirater 931

44 Tunisia 929

45 Saudi-Arabia 928

46 Serbia 927

47 Libanon 926

48 Oman 925

49 Bulgaria 923

50 Montenegro 921

51 Romania 920

52 Mauritius 919

53 Cuba 918

54 Maldivene 917

55 Chile 916

56 Barbados 915

56 Sri Lanka 915

58 Samoa 911

59 Tonga 910

60 Jordan 909

61 Albania 908

61 Armenia 908

63 Algerie 907

63 Brunei 907

65 Nord-Korea 906

66 Tyrkia 904

67 Turkmenistan 902

68 Bahamas 901

69 Costa Rica 900

69 Nord-Makedonia 900

71 Malaysia 890

72 Usbekistan 887

73 Georgia 883

74 Argentina 881

74 Saint Lucia 881

76 Mongolia 877

76 Uruguay 877

78 Fiji 876

79 Iran 869

79 Grenadinene 869

81 Moldova 868

82 Seychellene 865

83 Marokko 864

84 Palestina 863

85 Surinam 860

86 Thailand 859

87 Jamaica 857

88 Trinidad & Tobago 856

89 Aserbajdsjan 849

90 Tadsjikistan 842

91 Gabon 840

92 Peru 835

93 Egypt 833

94 Kirgisistan 832

95 Vietnam 831

96 Mexico 826

97 Ecuador 817

98 Bhutan 811

99 Brasil 806

100 Paraguay 803

101 Belize 801

102 Botswana 800

102 Filippinane 800

104 Vanuatu 798

105 Nicaragua 795

106 Den dominikanske republikk 794

107 Indonesia 792

107 Panama 792

109 Guyana 786

109 Myanmar* 786

111 Gabon 775

112 Marshalløyene 772

113 India 769

113 Sør-Afrika 769

115 Irak* 768

116 Bolivia 766

117 Ghana 763

118 Colombia 761

119 Namibia 760

120 Kambodsja 755

121 Sao Tome & Principe 751

122 Eswatini 747

122 Kenya 747

124 El Salvador 745

125 Rwanda 744

126 Djibouti 732

127 Bangladesh 728

128 Øst-Timor 725

129 Haiti 718

130 Kongo 715

131 Venezuela 707

132 Senegal 691

133 Solomonøyene 689

134 Nepal 685

135 Komorane 684

136 Uganda 683

137 Honduras 682

138 Togo 679

139 Zimbabwe 677

140 Burundi 676

141 Papua Ny-Guinea 675

142 Gambia 661

143 Yemen* 652

144 Etiopia 651

145 Laos 643

145 Syria* 643

147 Guatemala 639

148 Benin 631

149 Pakistan 626

150 Zambia 623

151 Malawi 615

151 Sudan 615

153 Elfenbenskysten 608

154 Eritrea 606

155 Tanzania 604

156 Liberia 599

157 Guinea-Bissau 597

158 Afghanistan 596

158 Madagaskar 596

160 Sierra Leone 591

161 Kamerun 582

161 Mauritania 582

163 Angola 581

163 Ekvatorial-Guinea 581

165 Lesotho 579

166 Mosambik 567

167 Burkina Faso 565

168 DR Kongo 556

169 Guinea 531

170 Nigeria 504

171 Somalia 468

172 Sør-Sudan 461

173 Mali 430

174 Chad 408

175 Niger 402

176 Den sentralafrikanske republikk 394

SISTE NYTT

Siste nytt