Hopp til innhold

Putin: Khodorkovskij høyrer heime i fengsel

Forsvararane til den fengsla forretningsmannen Mikhail Kodorkovskij reagerer sterkt på at Vladimir Putin i dag sa at han høyrer heime i fengsel.

Vladimir Putin svarte på spørsmål frå publikum.

Vladimir Putin meiner Mikhail Kodorkovskij høyrer heime i fengsel.

Foto: ALEXEY DRUZHININ / Afp

Tidligere Yukos-sjef Mikhail Khodorkovskij

Tidlegare Yukos-sjef Mikhail Khodorkovskij risikrerer forlengd straff.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

- Khodorkovskij er ein tjuv, og tjuvar høyrer heime i fengsel, skal Putin ha sagt då han svarte på spørsmål frå sjåarane i eit fjernsynsprogram i dag. Han la til at han måtte basere seg på det faktum at det er prova i retten at han er skuldig.

Dom i romjula

Forsvararane meiner dette er ei direkte innblanding i den pågåande rettsprosessen mot Khodorkovskij, og at det ikkje er haldbart at statsministern kjem med eit slikt utspel like før saka kjem opp til doms igjen. Det er venta dom i saka 27.desember.

Putin retta også eit spark mot det han kalla den liberale intelligensiaen i Russland, som har kritisert styresmaktene si handtering av situasjonen då 5000 ultranasjonalistar barka saman med politiet utenfor kreml sist veke.

- Hvis ikkje dei stansar kritikken, må den liberale intelligensaen måtte barbere bort dei små skjegga sine, ha på seg hjelmar og ta seg ut i gatene for å kjempe mot ekstremistane, sa Putin blant anna.

LES OGSÅ: Venter spent på Khodorkovskij-dom

LES OGSÅ: Khodorkovskij vil ikke dø i fengsel

Politisk ekstremisme

Vladimir Putin slik han framstod på fjernsyn.

Vladimir Putin kalla politisk ekstremisme for eit farleg virus.

Foto: NATALIA KOLESNIKOVA / Afp

Han gjorde det også klart at det er viktig å stanse ekstremistar på begge sider av den politiske skalaen.

Elles kunne Putin fortelje fjernsynssjåarane at veksten i den russiske økonomien no er på same nivå som før den økonomiske krisa. Veksten i 2010 blir på 3,8 prosent, og heile økonomien vil vere på nivå med før krisa i løpet av 2012.

- Vi avsluttar året på ein tilfredsstillande måte. Vanlege folk merkar alt at det går mot betre tider, sa statsministeren.

Putin gav ikkje noko hint under fjernsynsseasen om han vil stille som kandidat ved presidentvalet i 2012. Putin sat som president i Russland i to periodar frå 2000 til 2008. Etter lova kan ein president berre sitje i to periodar etter kvarandre.

LES OGSÅ: Putin vurderer ny presidentperiode

LES OGSÅ: Hvor går Russland etter Putin?