Hopp til innhold

Politimann pågripen i britisk telefonavlyttingsskandale

Politiet gjekk i dag til aksjon mot kontora til Rupert Murdochs News International i London. Fire personar er pågripne, blant dei ein politimann.

News Of The World

Avisa News of the World måtte leggje ned som følgje av avlyttingsskandalen.

Foto: IAN NICHOLSON / Afp

Aksjonen, som politiet har gitt namnet Operasjon Elveden, skjer i samband med etterforskinga av telefonavlyttingsskandalen i britiske tabloidpresse i fjor.

Denne gongen gjeld det skuldingar om at tilsette i mediehuset News International skal ha gitt pengar til politifolk mot å få hemmelege opplysningar om kjendisar og ei sakna jente. Denne jenta vart seinare funnen drepen.

Fire pågripne i dag

James Murdoch, toppsjef i News International.

James Murdoch er toppsjef i News International.

Foto: Warren Allott / Afp

Tabloidavisa News of The World, som var ein del av News International, måtte leggje ned etter at det vart kjent at journalistane i avisa hadde nytta ulovleg avlytting av telefonar i arbeidet sitt.

Ein 29 år gammal politimann vart pågripen på arbeidsstaden sin, ein politistasjon i sentrum av London. Dei tre andre arresterte vart alle pågripne i heimane sine. Det gjeld ein 48 år gammal mann frå Nord-London, ein 48-åring frå Essex og ein 56-åring, også han frå Essex.

BBC melder at det er snakk om tre noverande og tidlegare journalistar i tabloidavisa The Sun, som også er eigd av News International.

Ransakinga av heimane til dei pågripne, pluss kontorlokala til New International i Wapping i Aust-London, er venta å halde på utover dagen, opplyser ein talsmann for London Metropolitan Police til nyheitsbyrået Reuters.

LES OGSÅ: Kjendiser godtar telefonavlytting-forlik

LES OGSÅ: Hacket Gordon Browns e-postkonto

LES OGSÅ: Sår tvil om bevis mot News of the World

Pnleg sak

Hittil er 12 personar pågripne i samband med avlyttingsskandalen i News International. Saka har vore pinleg både for pressa, styresmaktene og politiet.

Det er avslørt at fleire britiske toppolitikarar har hatt nært samband med redaktørar somo har vore innblanda i avlyttingsskandalen. Det har også kome fram at politiet fleire gonger har droppa å etterforske påstandar om ulovleg telefonavlytting.

Ei talskvinne for News International seier til Reuters at ho vil ikkje kommentere den pågåande politiaksjonen mot selskapet.

LES OGSÅ: 800 rammet av britisk telefonhacking

LES OGSÅ: Privatetterforsker vil vitne mot News of the World

LES OGSÅ: Også advokatene overvåket i britisk avisskandale

LES OGSÅ: Murdoch tilbyr 27 millioner til avlyttingsofre

SISTE NYTT

Siste nytt