Hopp til innhold

Nye blodige samanstøytar i Jemen

Tre personar er drepne, og minst 80 er skadde etter at politiet slo ned på ein demonstrasjon mot presidenten i Jemen, Ali Abdullah Saleh.

YEMEN-POLITICS-UNREST

Tusenvis av menneske deltok i dag i protestar i Jemen, for å få presidenten i landet fjerna.

Foto: MOHAMMED HUWAIS / Afp

Både politiet og hæren var til stades under protesten i byen Taiz, der opposisjonen hadde blokkert ein statleg bygning. Demonstrantane venta på melding frå dei andre golf-landa om ein avtale om å få avsett presidenten i Jemen innan ein månad.

– Store styrkar frå politiet og hæren gjekk til åtak på demonstrantane og jaga dei vekk. Dei løyste skot og brukte mykje tåregass, sa ein aktivist til Reuters.

Tusenvis av demonstrantar ropte slagord mot president Saleh, og kravde utsetjing av skuleeksamenar.

Ein butikkeigar som dreiv ein liten kiosk, vart drepen av streifskot. I tillegg vart to demonstrantar skotne på av politistyrkane.

Opprør fleire stader

Det er også rapportert om konfrontasjonar i hamnebyen Hudaida, der tryggingsstyrkar storma eit universitet for å bryte opp ein demonstrasjon. Seks vart skadde der, ifølgje aktivistar.

Like mange vart skadde i liknande opprør i Dhamar-provinsen.

Nektar å gå

Protesten var eit ledd i eit folkeopprør om å få presidenten i Jemen til å gå av.

I over tre månader har tusenvis av menneske protestert i gatene. Fleire av presidenten sine næraste allierte har svikta han og slutta seg til demonstrantane.

Ali Abdulla Saleh har styrt Jemen i 33 år.

SISTE NYTT

Siste nytt