Hopp til innhold

– Det var blod overalt

«Eit helvete», seier ein av dei såra om eksplosjon i eit badeland i Taiwan. Talet på skadde har stige til over 500.

Eit fargepulver tok laurdag fyr under eit fest-arrangement i eit badeland utanfor Taipei i Taiwan. Over 500 menneske er skadde.

Ein amatørvideo viser korleis ein fargefest i eit badeland i Taiwan brått blei forvandla til det ein av dei såra skildrar som eit "helvete", då eit fargepulver tok fyr.

Eksplosjonen skjedde då eit farga pulver blei spraya frå ein scene mot ei folkemengd i badelandet Formosa Fun Coast Waterpark laurdag kveld.

Pulveret tok fyr og brått fór ei eldkule gjennom mengda med over 1000 dansande ungdom som var til stades under arrangementet «Color Party Asia».

Ein mannleg student som vart såra, skildrar hendinga som «eit helvete».

– Det var blod overalt, også i badebassenget der mange av dei skadde prøvde å lindra smertene frå brannskadane, seier den anonyme mannen til nyheitsbyrået AFP.

Brann på Taiwan

1000 personar var til stades på festen i badelandet då eksplosjonen skjedde.

Foto: STR / Ap

Talet på skadde meir enn dobla

Amatørvideoar frå ulukkesstaden viser desperate, blodige menneske i badetøy, omgitt av flammar. Ifølgje lokale styresmakter var nesten alle i 20-åra.

Borgarmeisteren opplyste laurdag kveld at 205 personar var såra. Søndag er talet oppjustert til 509. Majoriteten av dei skadde ligg framleis på sjukehuset og 194 får behandling for alvorlege skadar.

Dei som blei hardast råka skal ifølgje TV-kanalar ha brannskadar på opptil 80 prosent av kroppen og sår heilt inn til beinet. Skadane blei ekstra alvorlege då festdeltakarane pusta inn pulveret og fekk brannskadar i lungene.

– Dei neste dagane blir kritiske for dei skadde, seier statsministeren i Taiwan Mao Chi-kuo.

Brannvesenet mistenkjer at pulversprayen tok fyr på grunn av varmen frå lampene på scenen. Styresmaktene har innført eit forbod mot pulveret så lenge etterforskinga er fullført.

SISTE NYTT

Siste nytt