Hopp til innhold

Opposisjonen bannlyst i Bahrain

I kongedømmet Bahrain er det største opposisjonspartiet bannlyst i tre månader av ein nasjonal domstol. Det skjer berre veker før eit nytt parlamentsval som opposisjonen uansett har bestemt seg for å boikotte, i protest mot styresmaktene.

BAHRAIN-PROTEST/ Protesters holding stones and molotov cocktails stand in front of the gate of a local high school during a protest in support of the Saudi Shi'ite scholar Nimar Al Nimar, in the village of Jidhafs, west of Manama

Demonstrantar i Bahrain har lenge kjempa for meir demokrati og mindre makt til landets konge. No er det største opposisjonspartiet i Bahrain bannlyst.

Foto: HAMAD I MOHAMMED / Reuters

BAHRAIN-WEFAQ/ Bahrain's main opposition party Al Wefaq leader Salman speaks to Reuters at the party's headquarters in Bilad Al Qadeem, west of Manama

Sheikh Ali Salman, er leiar av Al Wefaq-rørsla som no er bannlyst i Bahrain.

Foto: HAMAD I MOHAMMED / Reuters
RUSSIA-BAHRAIN-DIPLOMACY

Kong Hamad bin Isa al-Khalifa av Bahrain har altfor mykje makt, meiner landets opposisjon. Her er han avbilda saman med Russlands president, Vladimir Putin.

Foto: ALEKSEY NIKOLSKYI / Afp

I Bahrain har opposisjonelle krefter lenge kjempa for meir demokrati, og mindre makt til den regjerande kongefamilien.

Får kritikk frå USA

Fire opposisjonsgrupper bestemte seg tidlegare denne månaden for å boikotte landets val 22. november. Og som eit motsvar har altså landets domstol bannlyst Al-Wefaq-rørsla i tre månader framover.

Al-Wefaq har kalla dommen for «irrasjonell og uansvarleg», og USA, som er ein av kongedømmets næraste allierte, er blant dei fremste kritikarane til bannlysinga.

– Ei slik handling bidreg til det stikk motsette enn å bygge eit inkluderande politisk miljø, står det skrive i eit utsegn frå amerikanske styresmakter.

Bahrain, som ligg strategisk plassert overfor Iran i den arabiske golfen, er i dag vertskap for fleire amerikanske flybasar og er hovudkvarter for ei av flåtene til den amerikanske marinen.

Aktivistar vert fengsla

Regimet i Bahrain har fått mykje kritikk for manglande demokrati. I 2011 vart eit gryande opprør, som var ein del av den arabiske våren, slått hardt ned på. Kongen fekk att på til hjelp frå nabolandet Saudi-Arabia som bidrog med tryggingsstyrkar.

I ettertid har demokratiforkjemparar i Bahrain motteke prisar for sin demokratiske kamp. Men lite har førebels endra seg i heimlandet.

Opposisjonelle og menneskerettsaktivistar vert fengsla, og den sjiamuslimske majoriteten i landet har avgrensa rett til å bestemme i landet.

No tyder mykje på at landets parlamentsval den 22. november kjem til å gå føre seg utan dei mest sentrale opposisjonelle kreftene.

SISTE NYTT

Siste nytt