Hopp til innhold

Observatørane i Syria er bekymra

Dei seks fyrste FN-observatørane som kom til Syria søndag har starta på jobben med å overvake våpenkvila i Syria. Dei seier i dag at dei er bekymra over situasjonen i landet.

Syria

FN-observatørane forlet hotellet i Damaskus måndag 16. april.

Foto: Bassem Tellawi / Ap

Observatørane seier dei har teke imot rapportar på bombing og arrestasjonar av syriske regjeringsstyrkar sidan våpenkvila trødde i kraft, melder Reuters.

Dei har også motteke meldingar om at regjeringssoldatar skal ha blitt avretta av opprørsstyrkar.

I ei kunngjering seier ein av observatørane, brasilianske Paulo Pinheiro, at dei er bekymra over den «forverrende humanitære situasjonen» i Syria. Titusner av sivile har flykta frå heimane sine på grunn av valden.

Observatørane anerkjenner at valdshandlingane har gått ned i visse delar av Syria sidan våpenkvila trødde i kraft.

Men dei er veldig bekymra over talet på hendingar sidan då. Mellom anna gjeld det regjeringsstyrkane si bombing av Khaldieh nabolaget og andre distrikt i Homs. Samt bruken av tunge våpen, som maskingevær, i andre område, til dømes Idlib og forstadane til Damaskus.

«Kommisjonen er også bekymra over reporter om nye arrestasjonar, spesielt i Hama og Aleppo», heiter det i kunngjeringa.

– Over 10.000 drepne

Ødeleggelser i Homs

Øydeleggingar i den syriske byen Homs.

Foto: HANDOUT / Reuters

Over 11.000 personar har vorte drepne sidan opprøret i Syria starta for 13 månader sidan, hevdar eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights.

55 er drepne sidan ei våpenkvile tredde i kraft torsdag, opplyser gruppa.

Blant dei i alt 11.117 døde er det registrert 7.972 sivile og 3.145 soldatar og opprørarar.

Ni sivile skal ha vorte drepne måndag, same dag som FN-observatørar starta oppdraget sitt i landet.

SISTE NYTT

Siste nytt