Hopp til innhold

Obama går inn for homoekteskap

Den amerikanske presidenten Barack Obama annonserte i dag at han no går inn for å legalisere homofile ekteskap.

USA-GAYMARRIAGE/DOMA File photo of gay couple Duran and Shields kissing after their gay marriage in New York

Ray Durand og ektemannen Dale Shields kyssar etter å ha blitt dei første som gifta seg i New York etter at homoekteskap vart lovleg i sommar. No har dei også Obama si støtte.

Foto: POOL / Reuters

Dermed er Obama den første sitjande president som går inn for ekteskap mellom to personar av same kjønn.

Det var i eit intervju med tv-kanalen ABC at Obama kom med annonseringa, skriv Huffington Post.

Blitt pressa i fleire år

Obama

Barack Obama er i dag blitt historisk ved at han er den første sitjande presidenten som gir støtte til ekteskap mellom same kjønn.

Foto: LARRY DOWNING / Reuters

Det homofile miljøet i USA har i fleire år oppfordra presidenten til å snu i ekteskapsspørsmålet. Temaet har vore oppe i den offentlege debatten i USA dei siste vekene, og presset har dermed auka på Obama.

På søndag fortalte visepresident Joseph Biden at han personleg var komfortabel med homofile ekteskap. Dagen etter gjekk også utdanningsministeren i USA ut og sa det same.

Men det er ikkje berre grunn for å feire for dei homofile i USA. I går vedtok nemleg delstaten Nord-Carolina ein lov som definerer eit ekteskap for å vere mellom mann og kvinne.

Obama gav uttrykk for vonbrot over lova, men det var openbart vanskeleg for han å fordømme lova samtidig som han sjølv ikkje ville gi si støtte til homoekteskap.

Minimal politisk innverknad

Det at Obama no går inn for homofile ekteskap vil ikkje ha noko stor politisk innverknad. Det meste vert nemleg avgjort på delstatsnivå eller i rettssalane. Til dømes så vedtok retten i California i februar i år at eit forbod mot homofile ekteskap var i strid med Grunnlova.

Likevel er det klart at Obama si støtte vil ha ein svært stor symboleffekt. Ved å vere den første presidenten som går inn for homoekteskap gjer han terskelen mykje lågare for andre politikarar.

Det er i dag 30 amerikanske statar som har eit forbod mot homofile ekteskap.

SISTE NYTT

Siste nytt